Kondolanseprotokoll i høve H.M. Kong Harald V sin bortgangDet er lagt ut kondolanseprotokoll i Kvam rådhus. Protokollen er tilgjengeleg i opningstidene måndag til torsdag kl 10.00 - 14.00.Den kjære kongen vår, Hans Majestet Kong Harald V, gjekk bort fredag 28. august. Han har tent som statsoverhovud sidan 1991. Han har verkeleg levd opp til valspråket «Alt for Noreg» i alle desse åra. I gjerninga si har han vist tydeleg at dette gjeld alt for alle i Noreg. Gjennom ein varm og inkluderande veremåte fekk han mykje å sei for svært mange. Han viste stor kjærleik til folket sitt, og folket hans gjengjeldte denne kjærleiken. Kvam herad takkar audmjukt for kongegjerninga til Kong Harald. I dag går tankane våre og medkjensla vår fyrst og fremst til familien og hans næraste. Denne kjærleiken, takksemda og medkjensla veit eg at folket i Kvam herad også kjenner på. Difor vert det lagt ut kondolanseprotokoll i Kvam rådhus frå kl 12, fredag 28.08.2026. Alle som ynskjer det er velkomne til å signera den, og gjerne skriva ei siste helsing til kongen. Torgeir Næss, ordførar Publisert av Anita Hesthamar Sist endra 03.09.2026 10:53
Redusert meirverdiavgift på vatn, avlaup og slam Frå 1. juli er meirverdigavgift på alle kommunale gebyr på vatn, avlaup og slam redusert frå 25 til 15 prosent.
Samfunnsdelelen i kommuneplanen – oppstart og høyring Kvam herad legg planprogram for samfunnsdelen i kommuneplanen på høyring, samtundes melder me om oppstart av ny samfunnsdel for Kvam herad.
Skal kartleggja fritidsvanane til unge i Kvam I midten av juni vert barnefamiliepanelet sendt ut til alle barnefamiliane i Vestland fylke. Undersøkinga gjev auka kunnskap om korleis born og unge d...
Sykla til jobben – resultat 2025 Aksjonen Sykla til jobben 2025 er no avslutta, og for ein innsats de har lagt ned! Tusen takk til alle som har vore med og bidrege til aktivitet, samh...
Stig ved rådhuset stengd Grunna anleggsarbeidet attom rådhuset er gangstigen mellom Grovagjelet og Kyrkjevegen stengd fram til 29. august 2025.
Bestillingsbuss, rutebrigde og nye bussar frå 23. juni Skyss melder om endringar i busstilbodet frå 23. juni. Dei lanserer òg bestillingsbuss i Kvam.
Vitjing frå Litauen Den 13. januar flaggar me med det litauiske flagget. Frå 13. juni til 16. juni har Kvam hatt besøk frå venskapskommunen, Marijampole i Litauen.
Ung fritid sumarferie 2025 Programmet for ung fritid ferie i sumar er klårt. Påmeldinga er open frå måndag 9. juni.