Skal kartleggja fritidsvanane til unge i Kvam

I midten av juni vert barnefamiliepanelet sendt ut til alle barnefamiliane i Vestland fylke. Undersøkinga gjev auka kunnskap om korleis born og unge deltek i fritidsaktivitetar.

Illustrasjonsbilete av hoppande born i svart-kvitt (silhuett) GDJ / Pixabay

Barnefamiliepanelet er ei spørjeundersøking om fritida til born og unge. Resultatet frå undersøkinga gjev kunnskap som kommunane og fritidstilbydarar kan bruka i arbeidet med å leggja til rette for betre tilbod, og skapa gode lokalsamfunn.

Invitasjonane til å delta i undersøkinga vert sende ut på e-post til alle med folkeregistrert adresse i Kvam herad og resten av Vestland som har barn i alderen 3 til og med 17 år. Spørsmåla i undersøkinga handlar om ulike tilhøve rundt fritidslivet til barnefamiliane, slik som medievanane til barnet og deltaking i kulturaktivitetar, idrett og fritidstilbod, i tillegg til spørsmål om fritidsvanar, økonomi og utdanning til forelderen. Det tek om lag 15 minutt å svara på undersøkinga.

Kvifor er undersøkinga viktig?

Resultata frå undersøkinga gjev eit godt kunnskapsgrunnlag for heradet, institusjonar og organisasjonar innan kultur, idrett, friluftsliv og andre fritidsområde.

Undersøkinga er relevant for folkehelsearbeidet, drift og planlegging innan ansvarsområda til heradet som samfunnsutvikling, oppvekst, helse og kultur.

Barnefamiliepanelet

Deltakarane i undersøkinga vert ein del av barnefamiliepanel i Vestland. I Bergen kommune har barnefamiliepanelet vorte gjennomført fire gonger sidan 2019. Barnefamiliepanelet vart gjennomført i heile Vestland for fyrste gong i 2022 og vert gjennomført for andre gong i juni 2025.

Meir om undersøkinga i 2025 

Meir om barnefamiliepanelet på nettsidene til Vestland fylkeskommune