I kampanjeperioden har 42 lag registrert heile 3762 timar med aktivitet – det er nok til å sjå filmen Titanic 573 gonger! Tilsaman har:
- 1082 gåturar vorte registrert
- 470 bilturar til jobb vorte erstatta med gonge eller sykkel
- 155 treningsøkter vorte gjennomført saman med ein kollega
Fantastisk jobba!
🥇 Hovudpremien
Det er ei stor glede å gratulera laget Steikje Spreke, som samla imponerande 123 poeng per deltakar – soleklart mest i heile heradet! De vinn ei privat kinoframsyning på Kvam kino. Nyt det!
🎉 Bonuspremie
Me har òg trekt ut ein tilfelleleg bonusvinnar: Strandebarm skule USK! De får gratis bollar til heile laget frå Kanskje kafé i Norheimsund – ein velfortent premie etter mange gode treningsøkter.
Tusen takk igjen for innsatsen frå kvar og ein av dykk. De har verkeleg vore med og gjort ein skilnad – både for dykk sjølve, for miljøet og for fellesskapen.
Og hugs, det er lov å halda fram med dei gode vanane jamvel om aksjonen er avslutta for i år!
