Ny kontrakt
23. juni 2025 er det oppstart av ny busskontrakt i Hardanger/Voss. Det vert ved oppstart av ny kontrakt lagt opp til ei vidareføring av tilbodsnivået som i dag, med enkelte justeringar for å betra og tilpassa tilbodet. Mellom dei viktigaste endringane er innføringa av Skyss Bestilling.
Nye rutetabellar og meir info
Skyss Bestilling – bussen kjem når du tingar han
Skyss Bestilling er bestillingsbussar som køyrer når nokon har tinga dei. Tilbodet er for alle, og det er godt tilrettelagt for dei som er dårlege til beins. Du kan til dømes tinga ein tur når du skal til butikken, på trening, til legen eller på vitjing.
Du tingar tur i appen Skyss Bestilling, på bestilling.skyss.no eller på tlf. 55 55 90 99. Billettprisen er den same som andre bussreiser. I Kvam er det sett opp to tingingsruter, ei dagrute mellom Øystese og Norheimsund på onsdagar og ei rute for trygge heimreisar på fredagar frå Øystese til Strandebarm.
Øystese-Norheimsund
Onsdag frå Øystese kl. 10.00 og frå Norheimsund kl. 12.30
Øystese-Strandebarm
Fredag frå Øystese kl. 23.00
Over 200 nye bussar
Med ny kontrakt kjem det nye bussar på mange av linene i Vestland. Det er 215 nye bussar som kjem i drift. 140 av desse er elektriske. Fleire av bussane kjem til å vera lågentrébussar mot tidlegare. Ein lågentrébuss er ein buss med lågt golv ved inngangen som gjer det lettare for reisande å gå av og på – spesielt for eldre, personar med nedsett funksjonsevne og barnefamiliar. I dei nye bussane finn du òg barnesete, stikk for å lada til dømes mobiltelefon og skjermar som kjem til å syna nyttig reiseinformasjon.
Bussar ved bussterminalen i Arna
Alasdair McLellan, CC BY-SA 3.0