Utsendingane frå Marijampole er Albinas Mitrulevičius og Saulius Perlis som sit i bystyret der. Frå administrasjonen der er Greta Valinčiūtė med. I Kvam er det ordførar Torgeir Næss som tek dei imot i lag med rådmann Anita Hesthamar og næringssjef Jan Tjosås.
Det er eit tettpakka program for utsendingane. I dag er dei på rådhuset og lærer meir om Kvam herad, tenestene me leverer og utfordringane framover.
Deretter skal dei innom Grannehjelpa før turen går til Øystese der dei skal på gardsbesøk og sjå Hardanger bygdeysteri og Hardanger bryggeri.
Laurdag skal dei vera med på den offisielle opninga av Kulturnaustet på Hardanger fartøyvernsenter og få oppleva trebåtfestivalen.
Bilete av delegasjonen frå Marijampole