Ung fritid sumarferie 2025

Programmet for ung fritid ferie i sumar er klårt. Påmeldinga er open frå måndag 9. juni.

Plakat for ferietilbod for born og unge 2025 - Klikk for stort bileteUng fritid sumar 2025

Morosame aktivitetar gjennom sumaren

I veke 26, 27 og 32 er det aktivitetar for born og unge mellom 11–18 år i Kvam. Alle aktivitetane er gratis. Det er avgrensa tal plassar, meld deg på no!

Nokre av aktivitetane er opne for alle i heile familien 0–100 år. Medan andre aktivitar krev at du er fødd tidlegast i 2011, 2012 eller 2014. Dette ser de under.

Påmelding

Program

Veke 26

Tysdag 24. juni Ungdomstur på Mathilde. Fiskekonkurranse med premie. Tak med eigen fiskestang. Inkludert lunsj. Fødd 2012 og eldre. kl. 10–14
Tysdag 24. juni Sjøaktiv Strandebarm. Ut på sjøen med kajakk, kano eller SUP. Inkludert lunsj. Fødd 2014 og eldre. kl. 10–14
Onsdag 25. juni Familietur på Mathilde. Inkludert lunsj. 0–100 år kl. 10–14
Torsdag 26. juni Tresnittverkstad på Kabuso med kunstnar Åse Vikse. Inkludert lunsj. Fødd 2014 og eldre. kl. 11-15
Me skal trykkja motiv frå tre og skjera eigne motiv i ulike treslag som me kan prenta på papir.
Fredag 27. juni Familietur på Mathilde. Inkludert lunsj. 0–100 år kl. 10–14

Veke 27

Tysdag 1. juli Aktivitetsdag i Ålvik. Inkludert lunsj. Fødd 2014 og eldre. kl. 11–15

  • Skating med instruktørar (ta med hjelm eller sei til om du treng låna)
  • Frisbeegolf med instruktørar
  • Tretrykk på kunstnarhuset Messen med Judith

Tysdag 1. juli–4. juli Tur til Tråastølen (Eigen påmelding til Lillian Kvamsøy på lilk@kvam.herad.no)
Onsdag 2. juli Båt- og fisketur med steiking i grop med Bjørn Vik. Inkludert lunsj. kl. 11–15 Fødd 2014 eller eldre
Torsdag 3. juli Tur til Voss klatre- og ziplinepark. Buss frå Norheimsund skule kl. 10 heimreise kl. 15. Tak med niste. Fødd 2012 og eldre.
Fredag 4. juli Familietur til Alpakkaparken. Buss frå Norheimsund skule kl. 10 heimreise kl. 16. Tak med niste. 0-100år

Veke 32

Tysdag 5. august Paintball i Tolomarka. Servering av kjeks og saft.

  • 12–14 år kl. 16–18
  • 14–18 år kl. 18.30–20.30

Onsdag 6. august Ungdomsbowling. Meld på ditt eige lag. kl. 19–21 Fødd 2011 eller eldre. Servering av snacks. 
Torsdag 7. august Baking på Kvam ungdomsskule med Øystese kvinne- og familielag. Inkludert lunsj. Fødd 2014 og eldre kl. 10–14
Fredag 8. august Bygdaskoi i Øystese. Ingen påmelding. 0–100 år

Program for sumaraktivitetar - Klikk for stort bileteUng fritid sumar 2025

Fødd 2011+ er dei som er fødd i 2011 eller tidlegare.

Fødd 2012+ er dei som er fødd i 2012 eller tidlegare.

Fødd 2014+ er dei som er fødd i 2014 eller tidlegare.

Har du spørsmål?

Kontakt utekontakt, Heidi Aalvik Schelin 
Telefon: 456 15 034 
E-post: heisch@kvam.herad.no