Kondolanseprotokoll i høve H.M. Kong Harald V sin bortgangDet er lagt ut kondolanseprotokoll i Kvam rådhus. Protokollen er tilgjengeleg i opningstidene måndag til torsdag kl 10.00 - 14.00.Den kjære kongen vår, Hans Majestet Kong Harald V, gjekk bort fredag 28. august. Han har tent som statsoverhovud sidan 1991. Han har verkeleg levd opp til valspråket «Alt for Noreg» i alle desse åra. I gjerninga si har han vist tydeleg at dette gjeld alt for alle i Noreg. Gjennom ein varm og inkluderande veremåte fekk han mykje å sei for svært mange. Han viste stor kjærleik til folket sitt, og folket hans gjengjeldte denne kjærleiken. Kvam herad takkar audmjukt for kongegjerninga til Kong Harald. I dag går tankane våre og medkjensla vår fyrst og fremst til familien og hans næraste. Denne kjærleiken, takksemda og medkjensla veit eg at folket i Kvam herad også kjenner på. Difor vert det lagt ut kondolanseprotokoll i Kvam rådhus frå kl 12, fredag 28.08.2026. Alle som ynskjer det er velkomne til å signera den, og gjerne skriva ei siste helsing til kongen. Torgeir Næss, ordførar Publisert av Anita Hesthamar Sist endra 03.09.2026 10:53
Informasjon i samband med H.M. Kong Harald V sin bortgang Kvam herad har samla ein del informasjon om ulike tema som minneprotokoll og flagging, i samband med H.M. Kong Harald sin bortgang
Teliadekning i Kvam Telia har endeleg etter ynskje frå Kvam herad fått på plass nødvendig dekning i Strandebarm og på Fykse.
Aktivitetstilbod for kreftramma i Kvam Fysisk aktivitet er viktig for god helse, og kan særleg vera til hjelp for deg som har vore i eller er i kreftbehandling.
"Når ansvar møter motstand" pårørandekonferansen 2026 Kvam herad syner pårørandekonferansen onsdag 23. september "live" i Kvam kinosal. Bli med!
Innsyn og publisering av postliste og dokument For tida opplever me ustabilitet med lenka til postlista til Kvam herad.
Stengt parkeringsplass Parkeringsplassen oppom parken i Norheimsund vert heilt stengt onsdag 26.08.2026 på grunn av oppmerking av parkeringsplassar.
Spelemidlar 2027 – søknadsfrist 16. oktober Kommunar, idrettslag og andre lag kan søkja om spelemidlar til idrettsanlegg. Spelemidlane skal bidra til at ein større del av folket får høve til å d...
Me søkjer fastlegar! Kvam herad søkjer etter to fastlegar ved Helsebanken legekontor i Øystese frå snarast. Me har også ledig eit 6 månaders vikariat ved Norheimsund legek...
Tenk på trafikktryggleiken: klipp hekkar og buskar Eig eller disponerer du ein eigedom med avkøyrsle til veg eller gang- og sykkelveg? Då har du ansvar for å sørgja for fri sikt ved di avkøyrsle.