Nasjonal sørgeperiode
Nasjonal sørgeperiode er den offisielle perioden med landesorg, og varar frå dødsdagen til etter gravferda. Nasjonal sørgeperiode er ein periode for ettertanke og ei markering av at befolkninga i Noreg er i sorg.
Hans Majestet kong Haralds bortgang - Veiledning til den nasjonale sørgeperioden - regjeringen.no
Minneprotokoll
Det vert lagt ut minneprotokoll på Kvam rådhus frå fredag 28.08.2026 kl 12. Rådhuset vert ope denne dagen fram til kl 15. Opningstider komande veka er måndag-torsdag kl 10-14.
Stad for blome- og lyshelsing
Kvam herad har laga til eit område ved flaggstanga framfor Kvam rådhus der det er mogleg å leggja ned helsingar som blomar og lys, for dei som ynskjer det.
Kvam herad har fått opplyst at det ikkje er høve til å senda blomar og helsingar direkte til Slottet, regjering, storting, departement el.l. Det same gjeld blomar og kransar til gravferda.
Flagging
Det vert flagga på halv stang fram til gravferda på følgjande stader i Kvam herad: rådhuset, Straumhaugen og parken i Øystese.
Fredag 28.08.26 vart også flagget heisa på halv stang på skular og institusjonsbygg i Kvam.
Sjå meir om flagging på følgjande lenkjer:
Flagging på halv stang i forbindelse med Kong Harald Vs bortgang - regjeringen.no
Flagging - Nettsider for Kvam herad
Samlingar og arrangement
- Barnehagar og skular held ope som vanleg. Skulane flaggar på halv stang, og samtalar med barna om kongen sin bortgang.
- Kinoframsyninga på Kvam kino vert avlyst fredag 28.08.2026
Kyrkja i Kvam
Kyrkja i Kvam har eige nettside med opplysningar som sine arrangement, sjå Kongens bortgang - Kvam kyrkjelege fellesråd.
Andre nettsider med informasjon
Regjeringa har også oppretta ei nettside med informasjon, sjå Kong Harald V - regjeringen.no