Tenk på trafikktryggleiken: klipp hekkar og buskar

Eig eller disponerer du ein eigedom med avkøyrsle til veg eller gang- og sykkelveg? Då har du ansvar for å sørgja for fri sikt ved di avkøyrsle.

bilde av bil hekk og gutt på sykkel i trafikkbilde - Klikk for stort bilete Dag A. Norsveen

 

Hugs!
Dersom du eig eller disponerer ein eigedom med avkøyrsle til veg, eller til gang- og sykkelveg, har du ansvar for fri sikt ved di avkøyrsle. 
For å oppnå dette må du syta for at vegetasjon ikkje veks utover eigedomsgrensa di, og du må syta for at både born og vaksne skal kunna sjå og bli sett i trafikkbiletet.
 

Det medfører: 

Ved gang- og sykkelveg

  • Dersom avkøyrsla di kryssar gang- og sykkelveg, må høgde på hekk og gjerde ikkje overstiga 0,5 meter over gateplan i frisiktsona (30 meter).
  • Det må vere 3 meter fri sikt inn i avkøyrsla. Det betyr at når du står 3 meter inn i avkøyrsla di, skal du kunne sjå midten av gang- og sykkelvegen 30 meter til kvar side.
  • Merk at frisiktsona bør utvidast ut over 30 meter dersom gang- og sykkelvegen heller og syklistane held høg fart.

 

illustrasjon av klipping hekk ved veg - Klikk for stort bilete

Ved veg

  • Dersom avkøyrsla di munnar ut i vegen, må høgde på hekk og gjerde ikkje overstiga 0,5 meter over gateplan.
  • Hekk og gjerde kan også flyttast utanfor frisiktsona.
  • Det må vere 4 meter fri sikt inn i avkøyrsla. Det betyr at når du står 4 meter inn i avkøyrsla di, skal du kunna sjå vegen 45 meter til kvar side dersom fartsgrensa er 50 km/t. Er fartsgrensa høgare, aukar avstandane. 

 

Illustrasjon: Klipping av tre ved veg - Klikk for stort bilete

 

For ytterlegare opplysningar og nyttige illustrasjonar, sjå Statens Vegvesen sin brosjyre om klipping av hekkar og buskar under: 

 Klipp hekkar og busker. Trafikktryggleik også ditt ansvar (PDF, 2 MB).

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.