Teliadekning i Kvam

Telia har endeleg etter ynskje frå Kvam herad fått på plass nødvendig dekning i Strandebarm og på Fykse.

Etter at Kvam vart med på avtalen til Haugalandsamarbeidet for nokre år sidan, har Telia utvida dekninga i kommunene slik at det no skal vera dekning og i Strandebarm og Fykse/Botnen. Antennene som dekker botnen vart sett opp og aktivert denne veka, medan antennene for Strandebarm var aktivert i starten på juni. Dermed skal det vera råd å ha dekning i det meste av kommunen med både Telia og Telenor.

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.