Kva?
Trygg og tilrettelagt trening for å meistre kvardagen med og etter kreft. Regelmessig fysisk aktivitet ein viktig del
av rehabiliteringa, og kan bidra til å redusere biverknader som fylgje av sjukdom og behandling.
Me legg stor vekt på sosialt samvær og prat så etter treninga er me att ein ekstra halvtime om du ynskjer ein kaffikopp eller ein prat.
Kvar?
Norheimsund fysioterapi treningssal
Sandvenhagen 18A, 5600 Norheimsund
Når?
Kvar onsdag kl. 11 til 12 (sosialt til 12.30)
Påmelding
Det er løpande påmelding til aktivitetstilbodet, så ta gjerne kontakt med ein gong.
Ved påmelding vert det gjort avtale om individuelle samtalar før oppstart av gruppa for best mogleg tilrettelegging for kvar einskilde deltakar. Du får ditt eige tilpassa treningsopplegg. Du kan vera både i behandling eller ferdig med behandling.
Pris
Eigenandel ved trening i gruppe går under Helfotakst og er 105,- per gong.
Ta kontakt og meld deg på til:
Ann Katrin Tlf. 911 73 578
eller
Marit Tlf. 906 79 853
På denne lenka finn du brosjyre for tilbodet - blir betre kjend med arrangørane! (PDF, 3 MB)