Miljøretta helsevern handlar om alle miljøfaktorar – fysiske, biologiske, kjemiske og sosiale – som direkte eller indirekte kan påverke helsa til innbyggjarane.
Arbeidet er heimla i folkehelselova (kapittel 3 §§ 2, 8, 10, 26) og utdjupa i forskrift om miljøretta helsevern (kapittel 1–3).
Føremålet er å fremja god folkehelse, og sikra innbyggjarane mot helseskadelege miljøfaktorar.
Miljøretta helsevern omfattar private og offentlege verksemder, eigedomar og anlegg der miljøforhold kan påverke helsa – med unntak av bustader med berre innandørs forhold som ikkje påverkar omgjevnadene.
Miljø og helse i folkehelsearbeidet
Miljørettet folkehelsearbeid som ein del av folkehelsearbeidet tar utgangspunkt i positive og negative påvirkningsfaktorer i miljøet.
Kommunen skal etter folkehelselova § 4 fremja folkehelse, herunder miljøfaktorer, innen dei oppgaver og med dei verkemiddel kommunen har. Kommunen skal arbeida for å fremje folkehelse og bidra til å sikra befolkninga mot faktorar i miljøet som kan ha negativ innverknad på helsa, mellom anna ved å ivareta hensynet til helse og trivsel i planlegging etter plan- og bygningsloven, og godkjenning av verksemder etter andre lovverk.
Kommunalt tilsyn
Kommunen skal føra tilsyn med dei faktorar og tilhøve i miljøet som kan ha direkte eller indirekte innverknad på helsa.
Innan fagområdet er det fleire forskrifter som stiller krav til verksemder. Kommunen skal føra tilsyn med at krav i desse forskriftene er oppfylde. Dette gjeld mellom anna:
- Skular
- Barnehagar
- Frisør-, hudpleie-, tatoverings- og holtakingsverksemder
- Badeanlegg, bassengbad og badstove
- Solarium
For fleire av desse verksemdene skal kommunen godkjenna verksemd og/eller lokale før oppstart. Andre er meldepliktige til kommunen ved oppstart.
Kommunen skal føra tilsyn med verksemder etter ei risikovurdering.
Søknadsskjema
- Søknadsskjema for godkjenning, trinn 1, barnehage (DOCX, 82 kB)
- Søknadsskjema for godkjenning, trinn 2, barnehage (DOCX, 81 kB)
- Søknadsskjema for godkjenning, trinn 1, skule (DOCX, 101 kB)
- Søknadsskjema for godkjenning, trinn 2, skule (DOCX, 67 kB)
- Søknad om godkjenning av lokale for tatoveringsverksemd (DOCX, 33 kB)
Meldeskjema
Her kan du lesa meir om Miljøretta helsevern: