Kondolanseprotokoll i høve H.M. Kong Harald V sin bortgangDet er lagt ut kondolanseprotokoll i Kvam rådhus. Protokollen er tilgjengeleg i opningstidene måndag til torsdag kl 10.00 - 14.00.Den kjære kongen vår, Hans Majestet Kong Harald V, gjekk bort fredag 28. august. Han har tent som statsoverhovud sidan 1991. Han har verkeleg levd opp til valspråket «Alt for Noreg» i alle desse åra. I gjerninga si har han vist tydeleg at dette gjeld alt for alle i Noreg. Gjennom ein varm og inkluderande veremåte fekk han mykje å sei for svært mange. Han viste stor kjærleik til folket sitt, og folket hans gjengjeldte denne kjærleiken. Kvam herad takkar audmjukt for kongegjerninga til Kong Harald. I dag går tankane våre og medkjensla vår fyrst og fremst til familien og hans næraste. Denne kjærleiken, takksemda og medkjensla veit eg at folket i Kvam herad også kjenner på. Difor vert det lagt ut kondolanseprotokoll i Kvam rådhus frå kl 12, fredag 28.08.2026. Alle som ynskjer det er velkomne til å signera den, og gjerne skriva ei siste helsing til kongen. Torgeir Næss, ordførar Publisert av Anita Hesthamar Sist endra 03.09.2026 10:53
Ledige stillingar! Er du trygg? Er du engasjert? Ønsker du ein spennande jobb? Jaktar du faglege utfordringar?
Vil du vera med å meina noko om framtida i Kvam? Det blir eit felles innspelsmøte i samband med arbeidet med kommuneplanen sin samfunnsdel og kommunedelplan for helse og omsorg.
Y-IMPACT – europeisk samarbeid for ungdomsmedverknad Kvam herad er ein av partane i det EU-finansierte Y-IMPACT, eit europeisk samarbeidsprosjekt om ungdomsmedverknad, demokrati og deltaking.
Konsultasjonsteam ved bekymringar for born Ved bekymring for barn og unge, er det viktig å søkje råd og rettleiing så tidleg som råd for å sikre at barnet får hjelp.
Siste opningsdag Ålvik legekontor Måndag 30. mars vert siste opne dag på legekontoret - også kalla sjukestova
Møte i Kvam formannskap Torsdag 5. februar kl 16 startar møtet, du kan følge det direkte via Kommune-TV.