
Lurer du på om eit barn kan vera utsett for vald eller overgrep?
Saker som handlar om vald og overgrep mot barn er kompliserte og krevjande.
Det er ekstra utfordrande fordi dei ofte rører ved tabu og vanskelege kjensler hjå folk flest.
Når ein får slike bekymringar for barn og unge, er det viktig å søkje råd og rettleiing så tidleg som råd for å sikre at barnet får hjelp.
Neste møte i konsultasjonsteamet 2026:
- 4. mars kl. 12.30-15.30
- 13. april kl. 12.30-15.30
- 20.mai kl. 12.30-15.30
- 15.juni kl. 12.30-15.30
- 26.august kl. 12.30-15.30
Korleis ta kontakt?
Har du behov for å drøfta ei slik bekymring, kan du ta kontakt med oss for å avtala tid, tlf. 56 55 30 50 eller e-post: konsultasjonsteamet@kvam.kommune.no. Merk: sensitive opplysingar skal ikkje sendast per e-post, som kun nyttast til å oppretta kontakt.
Les meir om konsultasjonsteamet i Kvam, kven som er med, kven som kan ta kontakt osv. på denne lenka.