Tilskot til kulturbygg

Vestland fylkeskommune lyser i 2025 ut tilskot til kulturbygg.

Bilde av Folkets hus i Ålvik - Klikk for stort bileteFolkets hus i Ålvik Knut Markhus

Tilskotet er den tradisjonelle ordninga, finansiert  med spelemidlar etter fordeling frå Kulturdepartementet. 

Søknad sender de inn gjennom følgjande lenk til anleggsregisteret her.
Søknadsfrist for å registrera søknad i anleggsregisteret er 15. mars 2025

Frist for fullstendig søknad til Kvam herad er 10. april 2025.

Retningsliner

Ordninga er finansiert gjennom spelemidlar og skal bidra til eigna lokale, bygningar og utearenaer som gjev rom for ulik kulturell verksemd.
Det er ulike lokale søknadsfristar i kommunane.

Desse kan søkja: Frivillige lag og organisasjonar, kommunar og fylkeskommunen. Andre lag, organisasjonar og selskap kan og søkja, avhengig av vedtektene til laget. Spelemidlar skal ikkje gjerast om til forteneste for private fortenestebaserte aktørar.

Du kan søkja om tilskot til:

  • kulturhus
  • fleirbrukslokale
  • spesiallokale for kunst og kultur, som bibliotek, bygg for museum eller andre kulturverntiltak
  • scenekunstlokale
  • konsertsal
  • formidlingslokale for biletkunst
  • etablering av livssynsnøytrale seremonirom

Midlane kan nyttast til nybygg, ombygging og modernisering av kulturbygning, men ikkje til vedlikehald eller drift.

Følg denne lenka til Vestland fylkeskommune for endå meir informasjon om tilskot til kulturbygg.

Meir informasjon får du også om du tar kontakt med:
Heidi E. Ørjansen
Sjef for samfunnsutvikling

Telefon: 905 41 203
E-post: heiorj@kvam.kommune.no