Geitafjell mot botnanuten Prestafjell
Kjell Inge Tufte Tyssen
Stad: Nye Kvam kino
Tid: Torsdag 19. februar kl. 18:00 – 20:00
Møtet er ope for ALLE som ønskjer å delta
Kommuneplanen sin samfunnsdel og kommunedelplan for helse og omsorg vert utarbeidde parallelt.
- Samfunnsdelen set retning for den overordna utviklinga av Kvam som lokalsamfunn
- medan helse og omsorgsplanen har særleg fokus på helse, førebygging, meistring og omsorgstenester gjennom livsløpet.
Kvam herad ønskjer brei medverknad i arbeidet med planane, og inviterer difor innbyggjarar, lag og organisasjonar, næringsliv og andre interesserte til å dela sine erfaringar, synspunkt og idéar. Innspela som kjem fram vil vera viktige for vidare utforming av planane.
Innspelsmøtet vil innehalda korte innleiingar og gruppearbeid der deltakarane får høve til å drøfta sentrale spørsmål knytt til utviklinga av Kvam som lokalsamfunn.
Kvam herad håpar mange ønskjer å vera med og bidra til å forma kva som skal vere den gode kvardagen i Kvam i framtida.
Vel møtt på nye Kvam kino torsdag 19. februar kl 18
