Y-IMPACT – europeisk samarbeid for ungdomsmedverknad

Kvam herad er ein av partane i det EU-finansierte Y-IMPACT, eit europeisk samarbeidsprosjekt om ungdomsmedverknad, demokrati og deltaking. 

Representantar frå Kvam syner ein presentasjon på Kypros - Klikk for stort biletePresentasjon av korleis me arbeider med ungdomsråd og medverknad i Kvam.

 

Prosjektet samlar kommunar og fagmiljø frå ulike land, med felles mål om å gje ungdom ei reell stemme i lokalsamfunnet. Ungdom skal ikkje berre bli høyrde, men faktisk få vera med og påverka.

Den 26. - 30. januar var det ei samling på Kypros hjå den eine samarbeidsparten, Parekklisia kommune.  Samlinga viste kor store skilnader det kan vera mellom land i Europa, men også kor mykje som er mogleg å få til når ein deler erfaringar og byggjer samarbeid over tid.

bilde frå Parekklisia kommune, Kypros - Klikk for stort bileteParekklisia

 

Appelsintre på Kypros - Klikk for stort bileteVinteren er sesong for modne appelsiner

 

Program på Kypros

Dagane på Kypros bestod av faglege samlingar, workshopar og prosjektmøte. Kvam presenterte korleis ungdomsråd og medverknad fungerer i Kvam, og delte erfaringar med partnarane. Korleis ungdomsrådet vert valt, korleis dei har møter og korleis dei arbeider med politiske saker vart presentert.  Me fortalte og om kva dei har oppnådd, og på Kypros var dei særleg imponert over arbeidet med motocrossbana og kor tett ungdomsrådet samarbeider med Heradsstyret.  Publikum var både foreldre, nyfikne innbyggarar,  lærar, politikarar og offentleg tilsette. Programmet inneheldt også opplæring, dialog og sosiale aktivitetar som styrkte samarbeidet. Me har verkeleg møtt Kypriotisk gjestfrihet.  

På kvelden onsdag 28. januar var det invitert til ei stor feiring der ungdomar og andre i lokalsamfunnet var til stades.  På denne kvelden vart det signert eit manifest som slår fast at ungdomar og myndigheiter skal jobba saman med demokratiske rettar, og at ungdomane sine meiningar skal verta tekne på alvor.  Manifestet vart høgtideleg signert av både ungdomar og av ordføraren.

bilde av dokument - Klikk for stort bilete

 

Kva handlar Y-IMPACT om

Y-IMPACT handlar om å styrkje ungdom si deltaking i lokalsamfunnet. Prosjektet fokuserer på korleis kommunar kan leggje til rette for meiningsfull medverknad, der ungdom opplever at meiningane deira betyr noko.

Partane

Kvam herad

Kvam herad har rolla som mentorpartnar i prosjektet. Me kjem ikkje med ein fasit på kva Parekklisia kommune skal gjere, men deler erfaringar, metodar, tankesett og verktøy frå mange år med arbeid med ungdomsråd, medverknad og utvikling av møteplassar.

I Kvam er ungdomsrådet ein etablert del av kommunen sitt demokratiske system. Ungdom har faste møte, får uttale seg i saker som gjeld dei, og har direkte kontakt med både administrasjon og politikarar. Over tid har dette bidrege til tryggare ungdom, større forståing for demokratiske prosessar, betre avgjerder i lokale saker og sterkare eigarskap til lokalsamfunnet.

I prosjektet bidreg Kvam med metodar, tankesett og verktøy som Parekklisia kan bruke som inspirasjon og tilpasse til sitt eige samfunn, sine eigne rammer og sin eigen kultur.

ESTEL

ESTEL frå Spania har ei viktig rolle som fagleg motor i prosjektet. Dei har mykje erfaring innan ungdomsarbeid, deltaking og samfunnsutvikling i fleire europeiske land, og bidreg med metodisk struktur og fagleg rammeverk.

I Y-IMPACT har ESTEL ansvar for opplæring, utvikling av metodar og verktøy, og for å samle erfaringar frå partnarane i felles læring. Dei sørgjer for at prosjektet har samanheng, kvalitet og retning, og at erfaringar frå ulike land kan delast og vidareutviklast.

ESTEL fungerer som eit bindeledd mellom lokal praksis i kommunane og europeisk kunnskapsutvikling.

Parekklisia

I Parekklisia kommune på Kypros er utgangspunktet heilt annleis enn i Noreg. Det finst i dag ikkje ungdomsråd, og i distrikta er det få møteplassar for ungdom. Mange unge manglar stader der dei kan møtast, diskutere saker som angår dei, eller bli kjende med demokratiske prosessar i praksis.

Valdeltakinga blant førstegongsvelgarar er svært låg. Mange ungdomar opplever at politikken er langt unna kvardagen deira, og at stemma deira ikkje har betydning.

Samtidig finst det sterke eldsjeler i Parekklisia som ønskjer å endre dette. Dei vil gi ungdomane meir tru på framtida, skape arenaer for deltaking, og byggje ei bru mellom ungdom og kommunen. Målet er at ungdom sjølve skal få ei viktig stemme inn mot dei som bestemmer.

Det som er vanleg i Noreg og mange andre land, er på Kypros noko heilt nytt. Difor er arbeidet både sårbart og viktig.

bilde av ulike representantar på Kypros - Klikk for stort bileteNokre av samarbeidspartane utanfor rådhuset i Parekklisia: Trond Inge f.v.(Kvam), Konstantina (Estel), Kika (Parekklisia), Kari (Kvam), Kristine (Parekklisia), Kristin (Kvam) og Marc (Estel.)

 

Kva skjer vidare

I løpet av våren vil ungdomar i Kvam og Parekklisia delta i ein digital samarbeidskampanje der dei blir betre kjende og utvekslar erfaringar.

I august kjem fire vaksne og fire ungdomar frå Parekklisia til Kvam for erfaringsdeling og vidare samarbeid.  

Me gler oss til å ta imot dei!
 

Y-impact - Klikk for stort bileteOffisiell signering av manifest. Lokale ungdomar i Parekklisia og ordførar.

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.