Kondolanseprotokoll i høve H.M. Kong Harald V sin bortgangDet er lagt ut kondolanseprotokoll i Kvam rådhus. Protokollen er tilgjengeleg i opningstidene måndag til torsdag kl 10.00 - 14.00.Den kjære kongen vår, Hans Majestet Kong Harald V, gjekk bort fredag 28. august. Han har tent som statsoverhovud sidan 1991. Han har verkeleg levd opp til valspråket «Alt for Noreg» i alle desse åra. I gjerninga si har han vist tydeleg at dette gjeld alt for alle i Noreg. Gjennom ein varm og inkluderande veremåte fekk han mykje å sei for svært mange. Han viste stor kjærleik til folket sitt, og folket hans gjengjeldte denne kjærleiken. Kvam herad takkar audmjukt for kongegjerninga til Kong Harald. I dag går tankane våre og medkjensla vår fyrst og fremst til familien og hans næraste. Denne kjærleiken, takksemda og medkjensla veit eg at folket i Kvam herad også kjenner på. Difor vert det lagt ut kondolanseprotokoll i Kvam rådhus frå kl 12, fredag 28.08.2026. Alle som ynskjer det er velkomne til å signera den, og gjerne skriva ei siste helsing til kongen. Torgeir Næss, ordførar Publisert av Anita Hesthamar Sist endra 03.09.2026 10:53
Strandebarm skule i finalen i Klassequizen! Elevane i 10. klasse på Strandebarm skule gjorde ein imponerande innsats i fylkesfinalen som vart sendt på NRK 1 i kveld, og er klar for finale!
Kvam familie- og læringssenter offisielt opna – Kvam herad er ein av dei kommunane i landet vårt som jobbar best med born og ungdom, sa kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner då han i ...
Branntryggleik på hytta er like viktig som heime Mange har nok ikkje like mykje fokus på branntryggleik for hytta som for heimen, og er heller ikkje klar over at krava er dei same for begge. I fyrste ...
Kommuneplanen: Akvakulturrapport klar Kvam herad fått utarbeidd ytterlegare utgreiingar knytt til sjøareala i kommuneplanen. No er rapporten klår. 25. mars står kommuneplanen igjen på form...
– Fleire bør ta yrkesfag 1. mars er det søknadfrist til vidaregåande skule. – Eg håper det kjem fleire lærlingar, og at fleire tek fagutdanning, seier Ida Kleiven, som sjølv e...
Vernar viktige skogsområde Regjeringa vernar 22 skogsområde i åtte fylke. Eitt av dei er Fyksesund naturreservat.