Vassleidningsbrot i Norheimsund og Øystese

Vasslekkasjen vart utbetra fredag ettermiddag og vatnet er tilbake i Norheimsund og Øystese.

Som eit førebyggjande tiltak etter vassleidningsbrot og trykklaust vassleidningsnett, blir det tilrådd å koka vatn til drikke og matlaging fram til svar på vassprøvar ligg føre, tidlegast søndag 14.12.2025.

Dette gjeld områda vist på biletet under: 

Ved spørsmål ta kontakt med vakt for vatn og avløp på tlf. 56553400

Strandebarm skule i finalen i Klassequizen!

Elevane i 10. klasse på Strandebarm skule gjorde ein imponerande innsats i fylkesfinalen som vart sendt på NRK 1 i kveld, og er klar for finale! 

Endeleg er det offisielt at Strandebarm skule er klare for finalen i NRK sin klassequiz for 10. klassar i Noreg. Me er imponerte og stolte over innsatsen Torstein Måge, Tove Haslum og Sander Eide Aase har gjort. Me gratulerer og ventar i spenning på finalen 18. mai! 

Her kan du sjå dei flotte ungdomane våre i fylkesfinalen https://tv.nrk.no/serie/klassequizen/2019/DSRR21000319/avspiller

Heile 10. klassen med lærarar og ordførar var med som heiagjeng på opptaka. 

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.