- Me må ta vare på naturen. Halvparten av alle truga artar i Noreg, og ei rekkje trua naturtypar, finst i skogen. Hundrevis av insektartar, soppartar og enkelte fuglar er avhengige av daud ved og gamal skog. Skogvernet er difor eit særs viktig tiltak for bevara norsk naturmangfald, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V), ifølgje regjeringen.no.
Stor interesse for friviljug skogvern
Dei nye områda er eit resultat av samarbeid om friviljug vern av privateigd skog, som vart starta i 2003. Til no har om lag 470 skogsområde vorte verna i dette samarbeidet mellom miljømyndigheiter og skogeigarorganisasjonar. I det nye vernevedtaket inngår utelukkande skog i privat eige. Interessa for friviljug skogvern er stor, og det er planar om omfattande vidare skogvern i åra som kjem.
Klima- og miljøministeren omtaler det som gledeleg at mange private skogeigarar tilbyr friviljug vern av skog med viktige verneverdiar. - Utan deira innsats hadde det ikkje vore mogleg å få til så mykje skogvern som me no har, seier Elvestuen.
Stortinget vedtok i 2016 eit mål om vern av 10 prosent av skogarealet i Norge. Til no er om lag 3,4 prosent av den produktive skogen her til lands verna, og 4,7 prosent av det samla skogarealet.
Verneforskrifta for Fyksesund naturreservat er å finna på Lovdata.