Kvam familie- og læringssenter offisielt opna

Kvam herad er ein av dei kommunane i landet vårt som jobbar best med born og ungdom, sa kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner då han i dag stod for den offisielle opninga av Kvam familie- og læringssenter (KFL). 

Og der rauk snora, og KFL-bygget var offisielt opna Øyvind Strømmen

Før opninga fekk ministeren også høve til å samtala med ungdomsrådet, ei gruppe lærarar frå alle skulane i Kvam, tilsette ved Kvam familie- og læringssenter, samt oppvekst- og skuleeininga.

Viktig å sjå bornet

Hovudfokus låg sjølvsagt på arbeidet i leiargruppa for førebygging av vald i skulen, som Kvam er invitert inn i, saman med Drammen, Oslo, Tromsø, Trondheim og Østfold fylkeskommune. Beate Gauden, som er leiar for barnehage og skule, og som representerer Kvam i dette arbeidet, peikte det ligg makt i språket, og at det å snakka om vald kan føra til at ein vert blind for det som ligg bak. For arbeidet i Kvam herad, fortalte ho, har det vore viktig å fokusera på at born ikkje er vanskelege, men at dei kan ha det vanskeleg. Det er viktig å finna ut kva som ligg bak det når born til dømes utagerer. 

Praten med ministeren nådde også innom andre tema: alt frå behovet for KRLE-faget i vår tid, til behovet for mindre stillesitjing og meir praktisk orientert opplæring. Kunnskapsminister Sanner og dei han hadde med seg frå departementet stilte gode spørsmål og fekk høyra interessante refleksjonar frå både skuleleiinga, lærarar og frå ungdomsrådet. Det kom han også attende til då han heldt si opningstale etterpå. Då fortalde han at han ofte vert invitert til feiringar, opningar og jubileum, og at det er kjekt, før han la til: 

Men det er endå hyggelegare, og endå viktigare å reisa rundt, og å læra og lytta til lærarar, elevar, fagfolk og foreldre, dei som bygger laget rundt borna våre. 

Det krevst ein landsby

 Det vert sagt at det krevst ein landsby for å oppdra eit born, sa ministeren. Han meinte Kvam herad har teke lærdom av dette ordtaket. 

Sanner framheva at det er vanleg å få nokre skrubbsår i oppveksten, og at dei fleste av desse er enkle å ta seg av: det er berre å setja på eit plaster.  Men nokre skrubbsår kjem på innsida, la han til.  Dei må også vera opptekne av, og me må syta for å hjelpa dei borna og ungdomane som opplever det. 

 Kvam herad er ein av dei kommunane i landet vårt som jobbar best med born og unge, sa Sanner.  Difor har me også invitert Kvam herad inn som ein av dei kommunane me kallar leiarkommunar, og som skal jobba i eit nettverk med fokus på førebygging. 

Han gratulerte med det nye senteret. - Eg håpar og trur at det kjem til å bidra til at Kvam herad vert ein endå betre stad å veksa opp, og vonar at andre kommunar kan læra av den gode måten de jobbar på.

Nedanfor kan du sjå bilete frå opninga: