Kondolanseprotokoll i høve H.M. Kong Harald V sin bortgangDet er lagt ut kondolanseprotokoll i Kvam rådhus. Protokollen er tilgjengeleg i opningstidene måndag til torsdag kl 10.00 - 14.00.Den kjære kongen vår, Hans Majestet Kong Harald V, gjekk bort fredag 28. august. Han har tent som statsoverhovud sidan 1991. Han har verkeleg levd opp til valspråket «Alt for Noreg» i alle desse åra. I gjerninga si har han vist tydeleg at dette gjeld alt for alle i Noreg. Gjennom ein varm og inkluderande veremåte fekk han mykje å sei for svært mange. Han viste stor kjærleik til folket sitt, og folket hans gjengjeldte denne kjærleiken. Kvam herad takkar audmjukt for kongegjerninga til Kong Harald. I dag går tankane våre og medkjensla vår fyrst og fremst til familien og hans næraste. Denne kjærleiken, takksemda og medkjensla veit eg at folket i Kvam herad også kjenner på. Difor vert det lagt ut kondolanseprotokoll i Kvam rådhus frå kl 12, fredag 28.08.2026. Alle som ynskjer det er velkomne til å signera den, og gjerne skriva ei siste helsing til kongen. Torgeir Næss, ordførar Publisert av Anita Hesthamar Sist endra 03.09.2026 10:53
Besøk av arbeids- og inkluderingsministeren Måndag føremiddag denne veka tok ordførar og rådmann med fleire, vel imot arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen (Ap).
Kurs for kreftramma Eit kurs for kreftpasientar og deira pårørande og etterlatne. Tre økter i september/oktober 2023.
Fyrstegongsveljar? Skal du stemma for fyrste gong kan det vera ein del ting som ikkje er heilt opplagt og tydeleg for deg endå, det prøver me å gjera noko med.
Viktig informasjon frå helsestasjon og skulehelsetenesta! Det har oppstått ein feil i datasystemet vårt som har ført til at gamle innkallingar er sendt ut på nytt.
Årets ungdomskommune 2023 Under opninga av den nasjonale ungdomskonferansen i Mosjøen kunngjorde barne- og familieminister Kjersti Toppe at Kvam herad er Årets ungdomskommune.