Eit innblikk i Kvam herad
Fyrst på programmet var omvising i NAV Kvam sine lokal. Her var det høve for å både sjå korleis dei tilsette jobbar, slå av ein prat og til og med diskutere litt med ministeren.
Deretter samla gruppa seg på møterommet til NAV for presentasjonar av Kvam ved rådmann Anita Hesthamar , NAV Kvam ved leiar Sigrid Karin Dolve og om barn og unge i Kvam ved oppvekstsjef Astrid-Anett Steine og leiar for familiesenteret og psykolog Anna Mo-Bjørklund.
Gratulasjonar
Rådmannen fekk gratulasjonar for årets ungdomskommune noko ho også hadde passa på å få med i presentasjonen sin om heradet. Vidare fekk me eit innblikk i det mangfaldige næringslivet i Kvam, litt om veg og om ei langsiktig satsing på barn og unge mellom anna. Rådmann Anita kunne underbygge påstanden om sjølvstendige, kreative og nytenkande næringsverksemder med å nemne endå ein pris, vunne av Hardanger Bygdeysteri på Bergen matfestival med tittelen: Årets lokalmatprodusent 2023.
Presentasjonar
Så var det NAV kvam sin tur til å presenterte seg sjølv og måten dei er satt saman og organisert på. Dolve hadde deretter fokus på Trivselsvaktmeistrane, korleis ein jobbar med ungdom og flyktningar her i Kvam.
Oppvekst fekk til slutt, med eit noko kort tidsvindu, høve til å effektivt presentere korleis me i Kvam jobbar tverrfagleg med barn og unge. Dei delte både erfaringar, måten ein organiserer det på i vår kommune, samt utfordringar ein møter undervegs.
På bordet vart det servert gulrøter frå Dolve sin eigen åker, samt lokale epler. Det kommenterte Mjøs Persen - som synest dei var både søte og saftige.