Metodar – Livsmeistring - Livslyst
Når: Tirsdag 19. september - 26. september - 3. oktober 2023
Tidspunkt: kl 16 - 19
Stad: Toloheimen, pauserommet
Gjennom kurset kan du få høve til å læra meir om korleis du kan takla stress og få tak i di eiga livslyst.
- Praktiske tips og øvingar som kan gjera det lettare å handtere kvardagen
- Større kjennskap til korleis tankar verkar inn på livet vårt, særleg når det røyner på
- Du får moglegheit til å utveksla erfaringar og synspunkt med andre i ein samanliknbar situasjon
3 samlingar
- Når livet ikkje vert slik eg hadde tenkt det
Kva når livet bestemmer seg for å ta ein u-sving inn i eit truande landskap? Du beveger deg inn i det ukjende – anten du er pasient eller pårørande. Du veit kanskje ikkje kor ferda endar – og det er lett å oppleva tap av kontroll.
- Å ta ein pust i bakken
Stressregulering og avspenning. Oppmerksamheitstrening. Eigenomsorg og sjølvaksept.
- Å styrka livslyst, ferda vidare med nye kart
Modellar og metodar for vegen vidare.
Enkel servering!
Kurset er utarbeidd av Kreftforeningen og er gratis for deltakarane.
Påmeldingsfrist 10. september
Påmelding til kreftkoordinator i Kvam Marit Lid Marøy
E-post: marmar@kvam.kommune.no
Tlf. 906 79 853