Kokevarsel oppheva!

Tidlegare utsendt kokevarsel er oppheva.

område for vassleidningsbrot - Klikk for stort bilete

14.09.23

Etter vassledningsbrotet ved Hardangerfjordvegen 40 vart det teke vassprøvar, desse viser at det er fare for at vatnet kan vere ureina.

Gjeldande for:

Abonnentar som er knytt til nettet som er råka har fått tilsendt kokevarsel på sms.

I forbindelse med slike vassledningsbrot kan vassledningsnettet bli trykklaust, noko som kan føra til innlekk utanifrå. Det er difor anbefala å koka vatnet til ny melding vert sendt ut.

Vassledningsbrotet vart utbetra umiddelbart. No pågår siste rest på utbetring av vegen.

Ved eventuelt behov for drikkevatn vert det plassert ut ein reintvasstankt på parkeringsplassen ved Haugamyr! 

 

Oppdatering 15.09.23

Resultat av vassprøvar viser betring i kvaliteten på drikkevatnet i gjeldande område, men kokeanbefalinga gjeld framleis.

Det er ikkje funne e-coli i vassprøvane.

Varsel til råka abonnentar vil bli sendt på SMS når kokevarsel er oppheva.  

 

Oppdatering 18.09.23

Resultat etter vassprøvar teke mandag 17.09.23 viser god kvalitet på drikkevatnet.

Tidlegare utsendt kokevarsel er difor oppheva.

SMS er sendt til råka abonnentar.

For meir spørsmål ta kontakt: 

Teknisk vakt  56 55 34 00 

_________

Får du ikkje SMS- og telefonvarsling frå oss?

Følg denne lenka for å finna ut meir om SMS- og telefonvarsling.