Kondolanseprotokoll i høve H.M. Kong Harald V sin bortgangDet er lagt ut kondolanseprotokoll i Kvam rådhus. Protokollen er tilgjengeleg i opningstidene måndag til torsdag kl 10.00 - 14.00.Den kjære kongen vår, Hans Majestet Kong Harald V, gjekk bort fredag 28. august. Han har tent som statsoverhovud sidan 1991. Han har verkeleg levd opp til valspråket «Alt for Noreg» i alle desse åra. I gjerninga si har han vist tydeleg at dette gjeld alt for alle i Noreg. Gjennom ein varm og inkluderande veremåte fekk han mykje å sei for svært mange. Han viste stor kjærleik til folket sitt, og folket hans gjengjeldte denne kjærleiken. Kvam herad takkar audmjukt for kongegjerninga til Kong Harald. I dag går tankane våre og medkjensla vår fyrst og fremst til familien og hans næraste. Denne kjærleiken, takksemda og medkjensla veit eg at folket i Kvam herad også kjenner på. Difor vert det lagt ut kondolanseprotokoll i Kvam rådhus frå kl 12, fredag 28.08.2026. Alle som ynskjer det er velkomne til å signera den, og gjerne skriva ei siste helsing til kongen. Torgeir Næss, ordførar Publisert av Anita Hesthamar Sist endra 03.09.2026 10:53
Korleis kan me verta eit demensvenleg samfunn? Gjennom eit utviklingsprosjekt i kommunen 2022-23 vart det avdekka eit stort behov for auke i informasjonsarbeidet i Kvam om mennesker med demens.
Oppdrag 7 med Redd Barna Kvam ungdomsråd samarbeider i år med Redd Barna om eit prosjekt som heiter Oppdrag 7. I det høve var det workshop på rådhuset tysdag 19.3.2024.
Vikarkoordinatorar søkjer vikarar! Barnehagane i Kvam har eigne vikarkoordinatorar som jobbar for å ha god oversikt på tilgjengelege vikarar i Kvam.
Hærverk på offentleg toalett ved Øystesestranda. Toalettet ved stranda i Øystese er stengt pga hærverk.
Har familien låg inntekt? Inga hushaldning skal betala meir enn 6 prosent av inntekta si for ein barnehageplass.