Oppdrag 7 med Redd Barna

Kvam ungdomsråd samarbeider i år med Redd Barna om eit prosjekt som heiter Oppdrag 7. I det høve var det workshop på rådhuset tysdag 19.3.2024.

bilde av ungdomar på workshop i heradstyresalen - Klikk for stort bilete

Namnet på prosjektet er henta frå artikkel 7 i menneskerettighetskonvensjonen* for mennesker med nedsett funksjonsevne.

Artikkelen seier at barn og ungdom med funksjonsnedsetting har krav på å få oppfylt dei same rettane som alle andre.
Ungdomsrådet er med i prosjektet fordi dei er opptekne av at alle ungdomar i Kvam skal verta inkludert og få delta.

I invitasjonen frå Kvam ungdomsråd til ungdomane søker dei å få svar på følgjande spørsmål:

  • Kva betyr det å vera inkludert?
  • Korleis har me det i Kvam?
  • Korleis kan Kvam herad verta ein kommune der alle ungdomar er inkludert?

Ungdomsrådet vil svært gjerne høyra kva ungdomane i Kvam meiner om dette. Vidare ønskjer dei at ungdom skal få vera med på å påverka korleis ein skal ha det.

Les meir om Oppdrag 7 - rett til å vera med på denne lenka. (PDF, 108 kB)

Workshop i heradstyresalen

Denne tysdagen fekk omalg 45 ungdomar opplæring frå Redd Barna når det gjeld barn og unge sine rettar når det kjem til medverknad (utgangspunkt i barnekonvensjonen og artikkel 7 konvensjonen om rettar til menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD)).

Etter opplæringa arbeidde ungdomane godt i grupper der oppgåva var å laga eit kart over kvardagen sin, dei teikna inn kva som var viktige stadar for dei og viktige fritidsaktivitetar. Dei vart også utfordra til å seia noko om kor tilrettelagte desse aktivitetane og stadane er for menneske med funksjonshindring, samt om dei hadde forslag til kva ein kan gjera for å få til betre medverknad.

Gruppene presenterte det dei hadde komme fram til og her er nokre av punkta:

  1. Ungdomane kjenner seg alltid velkomne på Spar i Norheimsund. Her kan dei også «henga» utanfor butikken under tak.
  2. Basen er eit godt samlingspunkt der ungdom kjenner seg inkludert og velkomen. Det er gratis aktivitetar for ungdom. Ungdomane ser også fram til at det nye uteområdet rundt Basen kjem på plass.
  3. Tilbodet med «Open hall» vart også vist til som eit positivt tilbod for ungdom i Kvam- her var det «god stemning» og kjekt å vera, men det var ønskje om «AirTrack»  (turnmatte).
  4. Kulturskulen vart trekt fram som eit viktig tilbod for barn og unge i heile Kvam. Ungdomane var nøgde med både kvalitet og tilbod.
  5. Det er fleire ungdomsklubbar og ungdomshus i kommunen som ungdomane er nøgde med, men det er ei stor utfordring å nytta seg av tilboda som desse har pga. kollektivtilbodet internt i kommunen.
  6. Essoen i Øystese vart også trekt fram som eit positivt samlingspunkt for ungdom. Her kjenner dei seg velkomen og kan «henga» både inne på stasjonen og utanfor.
  7. Området utanfor Framnes Arena – eit fint uteområde der ein har både rulleskøytebane, strand og sitteplass under tak.
  8. Ungdom brukar ferja mellom Tørvikbygd- Jondal som møtestad. Dette er kanskje den største overraskinga- ungdom likar å «henga» på ferja. Kvifor? Under tak, varmt, sosialt, og kan lada mobilen. Dei er difor glade for hyppig ferjetrafikk.
  9. Fritidskortet er eit svært godt tilbod til barn- og unge i Kvam og ungdomane ønskje å halda på denne ordninga.
  10. Ungdomane er også nøgde med golfbanen.
  11. Ny VGS i Norheimsund ser også ungdomane fram til å få på plass.

 

Kva ungdomane ønskjer at det skal arbeidast meir med:

  • Kollektivtransport internt i kommunen må bli betre på ettermiddagen og når det er helg. Vanskeleg å nytta seg av tilbod i sentrale strok for dei som bur i utkantane. Det er også vanskeleg å vera med på aktivitetar i utkantane pga. at det ikkje går bussar på aktuelt tidspunkt eller ein er redd for å ikkje koma seg heim att. Dette hindrar medverknad og kontakt mellom ungdomane på ettermiddag/ kveld på tvers i kommunen.
  • Ønskjer fleire aktivitetar i Ålvik og Strandebarm
  • Fleire uformelle møtestadar med mogelegheit for å lada og vera under tak – på vinteren så er det også ønskjeleg med stadar der det også er varme.
  • Det hadde vore kjekt med eit liknande tilbod som https://fysakbergen.no/ i Kvam
  • Fleire fritidstilbod for menneske med funksjonshindring
  • Betre tilrettelegging for dei med funksjonshindring t.d. merking av bygg, legga til rette for betre tilkomst til Basen.
  • Tilgjengelegheitsoversikt på heimesida. Eigen oversikt på heimesida som seier noko om tilkomst til ulike badestadar, aktivitetar, og bygg slik at t.d. ein funksjonshindra person som er avhengig av ein «rampe» for å komme seg ned i vatnet for å bada veit at dette tilbodet er i Strandebarm ved å gå inn på heimesida til Kvam.
  • Meir tilrettelagte turløyper for dei som har funksjonshindring
  • Ønskje om opent møte med ungdomsrådet ein stad der alle ungdomane kan koma. Ungdom kan møta ungdomsrådet og spela inn saker som rådet kan arbeida med vidare
  • Betre tilrettelagte bussar for personar med funksjonshindring
  • Utleigesyklar og liknande
  • BUA- tilbod også i Kvam jf. Kvinnherad.
  • Stad der det går an å spela sporten «Padel».

På slutten av dagen hadde ungdomane avrøysting på kva dei tenkte var dei viktigaste tinga som måtte arbeidast vidare med. Redd Barna kjem tilbake med resultatet frå denne avrøystinga.

 

 

Kari Weltzien Vik som er ein av dei mange vaksne som var med ungdomane denne dagen oppsummerer dagen slik:

Ungdomane arbeidde godt gjennom dagen og fekk kartlagt både kva dei er nøgde med og kva dei tenkjer må arbeidast meir med i Kvam. Dei har med andre ord fått øva på MEDVERKNAD og seia meiningane sine.

Ungdommane har funne ut at det er nokre utfordringar knytt til medverknad i Kvam. Dette gjeld tilkomst til aktivitetar og stadar (kollektivtransport, tilrettelegging for menneske med funksjonshindring, kunnskap om tilbod), men også meir variasjon i tilbod. Ungdomane opplever at dei har arenaer der dei kan seia meiningane sine, men at det kan ta tid før ein får gjennomslag for saker jf. motorkrossbanen i Tørvikbygd.

Dei ønskjer også å få etablert ein endå betre kontakt med ungdomsrådet og ungdomsrådet på si side ønskjer ein betre kontakt med dei som dei er meint å representera. Ungdomsrådet har fått mange innspel som rådet kan arbeida vidare med og Redd Barna var svært nøgde med Workshoppen. Ungdomane gav også tilbakemelding på at det var kjekt å delta i Workshoppen.