Kommunen har signert avtale med nasjonalforeninga for folkehelse om å verta eit demensvenleg samfunn.
Det fordrar at kommunen tilbyr og held kurs for bedrifter i heradet om korleis å verta meir demensvenleg. Me ynskte også at kommunalt tilsette fekk tilbod om dette kurset.
Difor skipa me i prosjektgruppa til kurs 20. mars både på rådhuset dagtid, og Kvam ungdomsskule på kveldstid. På rådhuset møtte 30 tilsette opp, som ikkje jobbar i helse og omsorg. Det var 30 påmeldte, som var maksgrensa, og fleire har ytra at dei ynskjer å få delta om det vert sett opp nytt kurs.
På kvelden då det vart arrangert kurs for tilsette i bedrifter i kommunen ved Kvam ungdomsskule, deltok rundt 25 stk.
Kurset syner ulike filmar om korleis det opplevest å ha demens, i tillegg til informasjon om dei vanlegaste symptoma på demens- og konsekvens. Kurshaldarane forsøkte å gje dei tilsette konkrete og nyttige tips som var relevant for deira arbeidskvardag.
Prosjektgruppa og kurshaldarane
v/ Kjersti Hanssen, Ingebjørg Langesæter og Ingunn Kråkevik, Hane Mari Solheim Aarsand, Mona Sofie Olsen, Annelin Aga, Hege Dale og Margunn Lofthus.
Meir informasjon
Les meir om demens i Kvam herad ved å følge denne lenka