Solveig R Wien Fonneland
Nausta og naustmiljøa i Kvam er ein viktig del av kommunen si historie og ein viktig del av kulturmiljøa i strandsonene våre. Kvam herad har laga ein rapport over mange av desse miljøa og ynskjer å engasjera nausteigarar til å vera med og bidra til å oppretthalda nokre av desse miljøa.
Me vil difor ha eit eige naustseminar i Fossehuset i Strandebarm, der me inviterer nausteigarar og andre interesserte til seminar.
Møtestad: Fossehuset i Strandebarm
Møtedato: onsdag 3.april 2024
Møtetidspunkt: kl 18.00
Program
- «Innleiing og innblikk i naustrapporten i Kvam»,
ved Jon Nedkvitne, samfunns- og utviklingssjef i Kvam herad - «Naustet og båten»
ved Peter Helland Hansen, forfattar og båtbyggjar - «Mitt eige naustprosjekt-erfaringar og råd om restaurering av naust»
ved Torgrim Ljones - Matpause, med enkel servering
- «Kulturminnefondet-orienterer om tilgjengelege midlar til restaurering av naust»
ved Simen Bjørgen, direktør ved Kulturminnefondet og Per Hilleren i frå Kulturminnefondet» - «Om SMIL-midlar og kommunale kulturmidlar til restaurering av naust»
ved Jan Tjosås, leiar for næring i Kvam og Mary Ann Sørheim, kulturkonsulent i Kvam herad.
Arrangør
Kvam herad
