Vassleidningsbrot i Norheimsund og Øystese

Vasslekkasjen er lokalisert og vatnet er tilbake i Norheimsund og i største delen av Øystese. Delar av Vavollen er framleis utan vatn.
 Som eit førebyggjande tiltak etter vassleidningsbrot og trykklaust vassleidningsnett, blir det tilrådd å koka vatn til drikke og matlaging fram til svar på vassprøvar ligg føre. (Tidlegast søndag 14.12.2025.)

Dette gjeld områda vist på biletet under: 

Ved spørsmål ta kontakt med vakt for vatn og avløp på tlf. 56553400

Hærverk på offentleg toalett ved Øystesestranda.

Toalettet ved stranda i Øystese er stengt pga hærverk.

kvam herad rose blå - dempa - Klikk for stort bilete

I løpet av helga 15 - 17. mars er toalettet ved stranda i Øystese knust. Dette fører til at ein no må stengje toalettet heilt til toalettet er reparert.

Nytt universelt tilpassa toalett er tinga inn og Teknisk, Kvam herad melder at dei håpar å ha det her innan ei vekes tid.

bilde av det knuste toalettet - Klikk for stort bilete

 

Når det opnar igjen vil ein redusera opningstida frå heildøgnsope til ope kl 07:00 - 22:00 og låst nattetid.

Det er fint at toalettet er nyttig for folk i nærområde, men me oppmodar alle om å bruke det til nettopp det, toalett.

Her kan ein primært gå på do og til dømes skifte kle.

 

Takk for forståinga!

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.