Kondolanseprotokoll i høve H.M. Kong Harald V sin bortgangDet er lagt ut kondolanseprotokoll i Kvam rådhus. Protokollen er tilgjengeleg i opningstidene måndag til torsdag kl 10.00 - 14.00.Den kjære kongen vår, Hans Majestet Kong Harald V, gjekk bort fredag 28. august. Han har tent som statsoverhovud sidan 1991. Han har verkeleg levd opp til valspråket «Alt for Noreg» i alle desse åra. I gjerninga si har han vist tydeleg at dette gjeld alt for alle i Noreg. Gjennom ein varm og inkluderande veremåte fekk han mykje å sei for svært mange. Han viste stor kjærleik til folket sitt, og folket hans gjengjeldte denne kjærleiken. Kvam herad takkar audmjukt for kongegjerninga til Kong Harald. I dag går tankane våre og medkjensla vår fyrst og fremst til familien og hans næraste. Denne kjærleiken, takksemda og medkjensla veit eg at folket i Kvam herad også kjenner på. Difor vert det lagt ut kondolanseprotokoll i Kvam rådhus frå kl 12, fredag 28.08.2026. Alle som ynskjer det er velkomne til å signera den, og gjerne skriva ei siste helsing til kongen. Torgeir Næss, ordførar Publisert av Anita Hesthamar Sist endra 03.09.2026 10:53
Rekning i posten for nokre Ein feil har ført til at nokre innbyggjarar har motteke rekning på kommunale gebyr på papirfaktura i staden for e-faktura denne månaden.
Stengjinga av 2G-netta startar i år Telenor og Telia skal sløkkja sine 2G-nett. Telia stengjer nettet sitt innan utgangen av 2025. Telenor startar stenginga ved utgangen av 2027.
Rekordstor interesse for barnehagelærarutdanning Heile 58 personar søkte om opptak til barnehagelærarutdanninga i Hardanger og Voss. No er opptaket stengt, og utdanninga er full.
Informasjon om møte i Kvam heradsstyre 20. mars 2025 Neste møte i Kvam heradsstyre er 20.3.2025. I denne artikkelen får du litt informasjon om møtet.
Kommunal kriseleiing er avslutta i Kvam Kvam herad har i dag 6. mars kl. 13.30 avslutta den kommunale kriseleiinga i heradet.
Tilskot til tiltak for innlandsfisk 2025 Fylket lyser ut til saman kr 200 000 til tiltak for innlandsfisk i Vestland. Søk innan 16. mars.
Søk kommunale tilskot til landbruket innan 1. mars Det er tre kommunale tilskotordningar for landbruket som du kan søkja på innan 1. mars.
Tilskot til innsamling og registrering av stadnamn Språkrådet forvaltar ei tilskotsordning for innsamling og registrering av stadnamn. Midlane er avsette i statsbudsjettet. I år er det 1 550 000 kroner ...
Informasjonsmøte om nye krav til overvatn Kvam herad inviterer til møte om nye krav til overvatn. Informasjonen er spesielt retta mot konsulentar, entreprenørar og utbyggjarar.