Informasjonsmøte om nye krav til overvatn

Kvam herad inviterer til møte om nye krav til overvatn. Informasjonen er spesielt retta mot konsulentar, entreprenørar og utbyggjarar.

Heradsstyret i Kvam har vedtok 7. februar i år ny kommunedelplan for overvatn 2025–2033. Planen har mykje å seia for dei som ynskjer å gjennomføra reguleringsplanar eller tiltak i heradet.

Førebels program

  • Informasjon om vedteken overvassplan
  • Naudsynt dokumentasjon og verktøy i ulike saker
  • Gjennomgang av ulike tiltak og døme
  • Tid til spørsmål

Teknisk eining i lag med eining for samfunnsutvikling arrangerer møtet. Me får med oss Torstein Dalen frå Norconsult som har vore med å utarbeida planen. Torstein har i tillegg mykje erfaring med prosjektering, modellering og vurderingar knytt til overvatn.

  • Stad: Kvam rådhus, heradsstyresalen 
  • Tid: Torsdag 6. mars 2025 kl. 09.30–12.30

Påmelding på epost innan 28. februar til konstituert teknisk sjef Nils Eivind Stranden (nilstr@kvam.kommune.no).