Søk kommunale tilskot til landbruket innan 1. marsDet er tre kommunale tilskotordningar for landbruket som du kan søkja på innan 1. mars.Desse tiltaka kan ein få støtte til.Tilskot til miljøtiltak (SMIL)Planleggings- og tilretteleggingstiltak som fører fram til konkrete kulturlandskaps- og ureiningstiltakBiologisk mangfaldKulturlandskaps-tiltak. Søknader med fleire typar tiltak, t.d. beiterydding, steingjerde, skogskjøtsel og rydding/merking av stiar er høgare prioriterte enn søknader med einsidige tiltak.Merking og rydding av stiar i jordbruksområde, rydding av kulturminne og liknande der grunneigarar og ålmenta samarbeider.Restaurering av freda og verneverdige bygningar. Andre kulturminne eller -miljøUreiningarTiltak i beiteområdeTilskot til utarbeiding av beitebruksplanSanke- og skiljeanleggBruer dimensjonert for dyr og folkSperregjerder for å sikra at dyr ikkje kjem over i farleg område Gjetarhytte/sankehytter Radiobjøller og anna elektronisk overvakingsutstyr Andre tiltak som fremjar beitingViltfondetTiltak for å fremja viltforvalting, styrka kunnskapen om viltet, jaktorganisering og liknande i heradet og i granneherad gjennom samarbeid i regi av organisasjonar og einskilde.Tiltak for å førebyggja skade på landbruksnæring som hjortevilt veld. Elisabeth Handegård Publisert av Ole Kristian Grønneng Sist endra 24.02.2025 11:51