Vassleidningsbrot i Norheimsund og Øystese

Vasslekkasjen vart utbetra fredag ettermiddag og vatnet er tilbake i Norheimsund og Øystese.

Som eit førebyggjande tiltak etter vassleidningsbrot og trykklaust vassleidningsnett, blir det tilrådd å koka vatn til drikke og matlaging fram til svar på vassprøvar ligg føre, tidlegast søndag 14.12.2025.

Dette gjeld områda vist på biletet under: 

Ved spørsmål ta kontakt med vakt for vatn og avløp på tlf. 56553400

Kommunal kriseleiing er avslutta i Kvam

Kvam herad har i dag 6. mars kl. 13.30 avslutta den kommunale kriseleiinga i heradet.

Det har kome ovmykje nedbør og vore krevjande for dei teknisk tilsette i heradet. Til all lukke har det ikkje vore store uynskte hendingar trass i nedbørsmengdene.

Me vil retta stor takk til dei som jobbar med og hjelper til i desse situasjonane.
Takk til tilsette på teknisk som har jobba gjennom natta med å halda sluk og stikkrenner opne.
Takk til innbyggjarar som tek ansvar for vatn på eigen tomt og er med og hjelper til når det rasar ut, til dømes i vegen på Kjerringkleiv.
Takk til Lingalaks og andre som stiller med båt og andre ressursar for fellesskapen.


 

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.