Nils Eivind Stranden har takka ja til tilbod om stilling som teknisk sjef i Kvam herad frå og med 1. mars 2025. Teknisk eining har eit breitt fagområde som spenner frå bygg og eigedom, drift av kommunale anlegg og infrastruktur til brann og redningsteneste. Nils Eivind Stranden er sivilingeniør og kjem frå stillinga som leiar for kommunalteknikk. Sidan september har han vore konstituert som teknisk sjef. Frå tidlegare har han med seg erfaring frå blant anna offshore og som lærar i vidaregåande skule.
Nils Eivind svara veldig godt ut på formell kompetanse, erfaring og personlege eigenskapar som me såg etter hjå kandidatar til stillinga. Ei av dei fyrste oppgåvene Nils Eivind får, vert å finna løysing for tomrommet han etterlet seg som leiar for veg, vatn og avlaup/kommunalteknikk.
Om prosessen
Kvam herad nytta rekrutteringsbyrået Bønes Virik AS i rekrutteringsprosessen. Totalt kom det inn 13 søknader. Kandidatane har vore gjennom innleiande kandidatdialog, og deretter har eit utval av desse vore gjennom kandidatpresentasjon, testing med djupintervju, finaleintervju og referansesjekk.
