Lingalaks søkjer om utviding

Lingalaks AS søkjer om produksjonsauke på lokaliteten Bergadalen i Kvam.  Lokaliteten er i dag klarert for ein maksimal tillaten biomasse (MTB) på 2340 tonn.  I søknaden er det eit ynskje om å auka til MTB på 3120 tonn. 

Utvidinga vil ikkje medføra ein auka i talet på fisk i merdane, men vert gjort for å auka slaktestorleiken på fisken. 

Lokaliteten ligg i område godkjent for akvakultur i kommuneplan sin arealdel i frå 2006.

Spørsmål om søknaden kan rettast til samfunns- og utviklingssjef, Jon Nedkvitne, tlf 56 55 30 00. 

Merknader til søknaden skal sendast til: 

Kvam herad
Grovagjelet 16
5600 NORHEIMSUND

eller til postmottak@kvam.kommune.no

Frist for merknader er sett til fredag den 19. april 2019.

Dokument:

Jon Nedkvitne
Kommunalsjef
E-post
Telefon 97 95 32 74
Mobil 97 95 32 74

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.