Heradsstyremøte idag tysdag

Fellesbilete av heradsstyret, teke i samband med deira fyrste møte etter valet 2019 Sigbjørn Linga, HF Tysdag ettermiddag er det heradsstyremøte i Kvam. Møtet, som eigentleg skulle gå føre seg på Thon Hotel Sandven, har blitt gjort digitalt. 

Blant sakene som skal opp i heradsstyret er fastlegeordninga i Kvam. Rådmannen peikte i si opphavlege innstilling på at den framtidige fastlegeordninga i kommunen bør byggja på økonomisk bærekraftige driftsformer, rekruttering av fastlegar, kvalitet og naudsynt beredskap. 

Rådmannen foreslo også at opningstidene for Strandebarm legekontor skulle reduserast til tre dagar i veka frå 1. januar 2021, og at ein skulle starta forhandlingar med fleirlegekontora i kommunen med mål om overføring av fastlegeheimelen frå Ålvik legekontor. 

Saka har vore handsama av formannskapet, som fjerna punkta om Strandebarm og Ålvik, og som i si innstilling til heradsstyret også legg vek på desentralisert struktur som eit viktig moment for framtidas fastlegeordning i kommunen. 

Tunnelplan på sakslista

Kommunestyret skal også gjera endeleg vedtak om kommunedelplan for fylkesveg 49 - tunnel forbi Tokagjelet. Fylkeskommunen og Statens vegvesen er tiltakshavar etter lova, medan kommunane er ansvarleg planstyremakt. Vestland fylkeskommune rår til ei tunnelløysing mellom Kletten og Eikedalen, som er kostnadsrekna til 1,9 - 3,1 milliardar kroner. 

Også denne saka har vore i formannskapet, som rår til at heradsstyret vedtek kommunedelplanen med oppdatering av plankart og føresegner, slik at desse er i tråd med den nye kommuneplanen, vedteken i 2019. 

Formannskapet føresler i tillegg at heradsstyret skal be Vestland fylkeskommune om å setja i gang reguleringsarbeidet så snart som mogleg, og snarast mogleg også ta intiativ til dialog med Kvam herad og Samnanger kommune for å arbeida fram ei løysing for finansiering av tunnelen. 

Tre interpellasjonar: Møtekostnader, buplikt og flyktningar

Det er sendt inn tre interpellasjonar til møtet, to av dei frå Senterpartiet og ein frå SV og Raudt. Senterpartiet ber i den fyrste om å få synleggjort kostnadene ved eit møte i miljø-, plan- og bygningsutvalet, og i den andre om å få belyst effektane av å ha buplikt for alle bustadhus i Kvam, i høve folketalsvekst, skatteinntekter og på andre område. 

Geir Madsen (SV) og Håvard Gjerde (Raudt) gjer framlegg om at Kvam herad skal senda ei melding til Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) om at Kvam har kompetanse og kapasitet til å busetja inntil 20 flyktningar frå greske leirer, og om at heradet ber regjeringa om å svara positivt på førespurnaden frå Hellas om å ta imot mindreårige og andre særleg sårbare frå flyktningleirane.

Heradsstyremøtet startar klokka 16, og du kan følgja det direkte på kommune-TV, der det også vil verta gjort tilgjengeleg i opptak i etterkant. Sakspapira er tilgjengelege via Kvam herad sin møteportal. For innstillingar frå formannskapet, sjå også protokollen frå deira møte.