Kondolanseprotokoll i høve H.M. Kong Harald V sin bortgangDet er lagt ut kondolanseprotokoll i Kvam rådhus. Protokollen er tilgjengeleg i opningstidene måndag til torsdag kl 10.00 - 14.00.Den kjære kongen vår, Hans Majestet Kong Harald V, gjekk bort fredag 28. august. Han har tent som statsoverhovud sidan 1991. Han har verkeleg levd opp til valspråket «Alt for Noreg» i alle desse åra. I gjerninga si har han vist tydeleg at dette gjeld alt for alle i Noreg. Gjennom ein varm og inkluderande veremåte fekk han mykje å sei for svært mange. Han viste stor kjærleik til folket sitt, og folket hans gjengjeldte denne kjærleiken. Kvam herad takkar audmjukt for kongegjerninga til Kong Harald. I dag går tankane våre og medkjensla vår fyrst og fremst til familien og hans næraste. Denne kjærleiken, takksemda og medkjensla veit eg at folket i Kvam herad også kjenner på. Difor vert det lagt ut kondolanseprotokoll i Kvam rådhus frå kl 12, fredag 28.08.2026. Alle som ynskjer det er velkomne til å signera den, og gjerne skriva ei siste helsing til kongen. Torgeir Næss, ordførar Publisert av Anita Hesthamar Sist endra 03.09.2026 10:53
Barne- og familieminister opnar Oppvekstkonferansen i Kvam Barne- og familieminister Kjersti Toppe skal halda opningsinnlegget under fagsamlinga 30. august.
Nyregulert veg frå og med 20. desember 2023 Gamle Sandvenvegen er frå i dag av regulert som Gang og sykkelveg.
Talet har aldri vore høgare i Kvam Av alle barn i Kvam mellom 6 og 18 år, det vil seia 1050 stk er det 914 som har brukt fritidskortet sitt på ein eller fleire aktivitetar i 2023.
Nye opningstider på gjennviningsstasjonen frå 1. januar Gjenvinningsstasjonen Sandvenhagen i Kvam vil halda lenger ope om onsdagane og fredagane frå nyttår.
Foreldrekurs 2024 Tysdag 15. oktober 2024 kl. 13.30 -15.15 startar Tryggheitssirkelen (Circle of Security Parenting. COS-P) opp. Kursleiarar er Brynhild Eide og Tone Fl...
Av dei fyrste kommunerepresentantane i Nasjonalt råd for ernæring Helsedirektoratet har valt eit nytt Nasjonalt råd for ernæring for perioden 2024 - 2026. På denne lista står vår eigen klinisk ernæringsfysiolog Eli S...
Har du ein eldstad? Har du ein eldstad i din bustad eller fritidsbustad? No har du høve til å kome med innspel til lokal forskrift om gebyr for tilsyn og feiing av fyring...
Næringsutvikling og næringsarbeid i Kvam herad Rapporten: Kvam herads næringsutvikling - Analyse av næringsliv og næringsutviklingsarbeid ligg her til gjennomlesing.
Stappfullt Fosse-hus under utdelingsseremonien Jon Fosse frå Strandebarm mottok søndag 10. desember nobelprisen.
Er du i tvil, ikkje køyr bil Alkohol gjer oss meir impulsive og risikovillige i bil. Samstundes reagerer me treigare og vert dårlegare til å vurdere konsekvensar i trafikken. Det ...