Foreldrekurs 2024

Tysdag 15. oktober 2024 kl. 13.30 -15.15 startar Tryggheitssirkelen (Circle of Security Parenting. COS-P) opp. Kursleiarar er Brynhild Eide og Tone Flotve.

bilde av tre damer - Klikk for stort bileteKursahaldarane av foreldrekurs i Kvam

Nokre gonger vert både vi og barnet overvelda av kjensler. I regi av Kvam Herad vert det jamleg arrangert foreldrekurs. 

Kunne du tenke deg å verte tryggare på korleis møte og forstå barnet ditt? 

Foreldrekurs: Tryggleikssirkelen (Circle of Security Parenting. COS-P) 

- 8 gonger, ca. 2 timar kvar gong. 

For kven: Gruppe for foreldre alder 0-18 år

Kva:  Dette foreldrerettleiingskurset skal gje de foreldre verktøy til å forstå betre kva behov born har, kva signal dei gjev og kva vi kan gjere for å møte desse behova betre. Kurset kan også bidra til eit betre samspel mellom deg og borna dine. 

Kvar: På Kvam rådhus i Norheimsund. 

Kurshaldarar: Familieterapeutane Brynhild Eide og Tone Flotve.

Når: Oppstart tysdag 15. oktober 2024 kl. 13.30 -15.15. Nytt kurs vinter/vår 2025.

____________________________________

Tidlegare deltakarar om kurset:

«Dette kurset hadde eg ønska eg tok tidlegare»

«Dette kurset burde alle fått»

«Det var ikkje så skummelt som eg trudde å delta på eit slikt kurs»

«Kurshaldarane verka erfarne og trygge»

Her finn du meir informasjon om dette og andre foreldrekurs me held i Kvam

Dersom du ynskjer meir informasjon eller å delta på foreldrekurs, ta kontakt med kursleiarane seinast 1 veke før kursoppstart. 
Det er avgrensa antal plassar.    

Kontaktinformasjon:

Tone Flotve 
Tlf. 909 33 517  E-post: tonflo@kvam.kommune.no

Brynhild Eide
Tlf. 468 05 231  E-post: bryeid@kvam.kommune.no

* OBS! Ikkje send over sensitive personopplysingar.

Du kan også ringa Familiesenteret via Kvam herad sitt sentralbord, på tlf. 56 55 30 00.  

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.