Stappfullt Fosse-hus under utdelingsseremonien

Jon Fosse frå Strandebarm mottok søndag 10. desember nobelprisen.

Bilde av storskjerm frå Fosse-huset i Strandebarm  - Klikk for stort bilete

Ein stor dag for Fosse, nynorsken, Strandebarm, Kvam og Noreg!

Dagen vart feira i Fosse-huset i Strandebarm, med kaker, kaffi og visning av nobel-programmet på storskjem.

Bygdefolk, hyttefolk og folk elles frå Kvam kom innom heile dagen, og under sjølve utdelingsseremonien var det stappfullt - fortel ordførar Torgeir Næss som sjølv var i Strandebarm søndag.

Han kunne vidare fortelje at NRK hadde team til stades og fylgde feiringa heile dagen. Dei sende fleire intervju direkte på nyheitssendingane sine.

Ordføraren hadde med blomehelsing til stiftinga i høve dagen, og deltok i to ulike intervju.

På rådhuset vart det sjølvsagt flagg!