Talet har aldri vore høgare i KvamAv alle barn i Kvam mellom 6 og 18 år, det vil seia 1050 stk er det 914 som har brukt fritidskortet sitt på ein eller fleire aktivitetar i 2023. Talet har aldri vore så høgt lokalt, og i nasjonal samanheng er denne prosenten høg, spesielt no når det er dyrtid. Då regjeringa la ned pilotprosjektet med fritidskortordninga, var ein av grunngjevnadane at det ikkje var målretta nok og at ein visste om det førte til auka aktivitet. I Kvam ser me no, 3,5 år seinare, at aktiviteten er auka. Fyrste gong fritidskoordinator Kristin Lundblad rapporterte til Bufdir, var bruken under 50%. Dette er derfor veldig gode nyheiter for Kvam som valde å satsa vidare på fritidskortet. Og det viser det som følgjeforskinga til prosjektet hadde som hypotese: Ein må halda over fleire år for å seia noko om dette er eit godt verkemiddel for å auka aktivitet og deltaking. Fakta om fritidskortet i Kvam: Bruk av fritidskortet i år er på: 87% Talet har aldri vore høgare. Alle barn og unge i Kvam mellom 6 og 18 får kr 2200 på fritidskortet sitt i året. Kvam har også ei ordning med fritidskortet pluss, dersom det er behov for meir. Har du ikkje nytta fritidskortet endå? Hugs å bruka fritidskortet før 31.12.2023! Fritidskortet hentar du ut i Friskus Kvam! Fritidskortet for hausten -23 kan du hente ut i Friskus fram til 31.12.2023. Nyttige lenker: Her finn du meir informasjon om fritidskortet i Kvam På denne lenka kan du henta ut fritidskortet ditt Les meir om Ung fritid i Kvam på denne lenka Sist endra 24.01.2024 16:11