Kondolanseprotokoll i høve H.M. Kong Harald V sin bortgangDet er lagt ut kondolanseprotokoll i Kvam rådhus. Protokollen er tilgjengeleg i opningstidene måndag til torsdag kl 10.00 - 14.00.Den kjære kongen vår, Hans Majestet Kong Harald V, gjekk bort fredag 28. august. Han har tent som statsoverhovud sidan 1991. Han har verkeleg levd opp til valspråket «Alt for Noreg» i alle desse åra. I gjerninga si har han vist tydeleg at dette gjeld alt for alle i Noreg. Gjennom ein varm og inkluderande veremåte fekk han mykje å sei for svært mange. Han viste stor kjærleik til folket sitt, og folket hans gjengjeldte denne kjærleiken. Kvam herad takkar audmjukt for kongegjerninga til Kong Harald. I dag går tankane våre og medkjensla vår fyrst og fremst til familien og hans næraste. Denne kjærleiken, takksemda og medkjensla veit eg at folket i Kvam herad også kjenner på. Difor vert det lagt ut kondolanseprotokoll i Kvam rådhus frå kl 12, fredag 28.08.2026. Alle som ynskjer det er velkomne til å signera den, og gjerne skriva ei siste helsing til kongen. Torgeir Næss, ordførar Publisert av Anita Hesthamar Sist endra 03.09.2026 10:53
Områdeplan for Øystese – planforslag til offentleg ettersyn Kunngjering av forslag til områdeplan for Øystese sentrum. Merknadsfrist er 31.07.26
Kommuneplanen sin samfunnsdel - frist for innspel 1. juni 2026 Kommuneplanen sin samfunnsdel er i fasen for medverknad. No går me inn i siste vekene der du som innbyggjar kan koma med innspel.
Flytting av fysioterapipraksis Fysioterapeut Carina Kjos har flytta sin praksis frå Sjukestova i Ålvik til lokale i Hardangerbadet fysioterapi frå 1.5.26. Kontaktinformasjon er som ...
Faste treningstider i idrettshallane Har du eller laget ditt ynske om faste treningstider i idrettshallane i Øystese, Norheimsund eller Strandebarm? Innan 21. juni må de senda inn skjema ...
Krig og fred i møteprotokollane Kva skjedde i kommunane i Hordaland då krigen råka, og då freden endeleg kom?To praksisstudentar hjå Interkommunalt arkiv Hordaland har skrive ein art...
Kulturprisen 2026 Kvam herad deler ut kulturpris som takk for verdfullt kulturarbeid i heradet. Me oppmodar alle til å senda inn grunngjevne framlegg til kandidatar til ...
Innleveringskasse utanfor biblioteket i Norheimsund No kan du levere tilbake det du har lånt på biblioteket nett når det passar deg
Renovasjon - No får du fleire spann til kjeldesortering BIR startar no utdeling av nye spann til hushald i Kvam for glas- og metallemballasje, og for matavfall til dei som ikkje allereie har dette. Henting ...