Krig og fred i møteprotokollane

Kva skjedde i kommunane i Hordaland då krigen råka, og då freden endeleg kom?

To praksisstudentar hjå Interkommunalt arkiv Hordaland har skrive ein artikkel om korleis 2. verdskrig vart handtert og diskutert på lokalt nivå i kommunane i Hordaland. Dette gjev eit perspektiv på krig og okkupasjon som sjeldan kjem fram i framstillingar av krigen.

Interkommunalt arkiv Hordaland har dykka ned i formannskapsprotokollane og funne ut kva som vart sagt og gjort i dei første møta etter 9. april 1940 og 8. mai 1945.

Resultatet er at 85 kjelder frå krigsåra no er opne for alle på Digitalarkivet.

Kvam herad er og referert til i artikkelen. Mellom anna under det avsluttande avsnittet om “Ei reinare folkesjel”. Sitat frå artikkelen:

"Frigjeringa oppsummerast på ein treffande måte gjennom uttala til Kvam kommune der krigsåra skildrast som ei tung prøving, samtidig som det skildrast at folket står att med «ei reinare folkesjel». Politisk og personleg fridom vert ikkje framstilt som noko ein kan ta for gitt, men som verdiar som aktivt må vernast. Dette vert understreka i den avsluttande formuleringa: 

«Kvam heradstyre si oppgåve er det å verne og vara det atterreiste kommunale sjølstyre. 
Den plikta legg eg på alle dei kommande ætter.»

Utklipp frå Kvam formannskapsprotokoll, 28. mai 1945

 

 

 

 

 

 

 

Du kan lesa artikkelen via lenka under. I artikkelen finn du og lenke til kjeldene som er nytta.

“[...] for dem som herefter leser denne bok” - Interkommunalt arkiv i Hordaland IKS

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.