Oppdrag tildelt Fuglafjell AS

Øystese skule 18.05.2026 

Illustrasjonsbilde Øystese skule - Klikk for stort bileteIllustrasjonsbilde Øystese skule Fuglafjell

 

Kvam herad har i dag tildelt oppdraget for tilbygg og rehabilitering av Øystese skule til Fuglafjell AS etter ein open konkurranse i tråd med regelverket for offentleg anskaffing. 

Kontrakten har ein verdi på om lag 145 mil. nok.inkl.mva, og omfattar nytt tilbygg av modular til «59-bygget», riving av bygning frå 1936, oppgradering av teknisk infrastruktur og delar av overflatar i «59-bygget», etablering av ny busslomme og foreldreleveringsstad, samt oppgradering av uteområde på skuleplass og i «SFO-hagen».  

 

Kvalitetar og visjon 

Oppgraderinga skal leggje til rette for gode læringsmiljø både inne og ute, og skapa rom for fellesskap, kreativitet, refleksjon og tryggleik - for både born og vaksne. Det nye tilbygget skal knytast tydeleg og naturleg til den eksisterande skulen, slik at dei saman dannar eit samla og funksjonelt anlegg. Ein ynskjer å utvikle ein inkluderande skule – eit harmonisk og heilskapleg miljø med rikeleg dagslys, gode miljøkvalitetar og tett samanheng mellom skulebygga og skulegarden. 

  

Arkitekten har plassert tilbygget mot skråninga nord (mot Øysteseheimen) for skuleplassen, noko som legg til rette for gode koplingar til eksisterande bygningsmasse, samt at uteområdet vert solrikt og lunt.  

 

Skulegarden får eit vesentleg løft i form av nye, store grøntareal som framhevar staden sine kvalitetar og byggjer vidare på identiteten. Hovudtilkomst til skulen vert liggjande i vest (mot Øysteseelva), der ein ospeportal av søyleosper markerer starten på skulegarden. Deler av leikeapparat og element vert gjenbrukne på uteområdet. Areala er elles komplettert med nye aktivitetar, som saman dannar ei eventyrleg løype rundt eit nytt lønnetre. 

På nordsida vert det etablert ein ny ballbinge. Langs fortauet og den eksisterande muren skal det etablerast eit fugleberg i tre, som òg kan fungere som ei lita tribune mot ballbingen. I den eksisterande skråninga vert det plassert ei brei terrengsklie, med trinn i terrenget og tau som gjer det mogleg å klatre opp til toppen av sklia. Ein piletunnel, steinar i graset og hoppestokkar, skapar uformelle stiar mellom dei ulike aktivitetane og møteplassane på skulen.  

Vidare opp mot det nye tilbygget til skulen er det tilrettelagt for aktivitetar for dei yngste elevane. Uteområdet vert definert av ei sklie som går ned frå balkongen i 2 etasje på modulbygget. Her finn ein minifuglereirhusker og ei sandkasse under tak. Framfor vindaugo er det lagt inn eit grøntareal for å hindre distraksjonar rett utanfor undervisningsromma. 

 

Ved garderobeinngangane er det sett ut bord og benker som fungerer som samlingsplass for klassane. Terrengformasjonane mellom aktivitetane dannar naturlege rom, samstundes som dei gir leikeareal til aking, «kongen på haugen» og liknande aktivitetar. 

 

Eit nytt samlande midtpunkt 

Mellom den eksisterande skulebygningen og det nye tilbygget ligg Lindetunet – eit samlande midtpunkt i skulegarden. Her står eit stort tuntre med hjarteforma blad, som symboliserer sjølve hjartet av uteområdet. Rundt treet blir det laga eit opphøgd tredekk som kan nyttast både som scene, benk og samlingsplass. Dette vil fungere som skulen si storstove, ein stad der ein møtest til fyrste skuledag, skuleavslutningar og 17. mai-feiring. 

 

 

Tilbygg av modular 

Plankonsept i tilbygget er tydeleg, logisk og funksjonelt organisert. Frå hovudinngang kjem ein direkte inn i skulen sitt sentrale fellesområde. Den nye aulaen ligg tett på aktivitetssal, bibliotek, SFO og musikkrom.  

1. og 2. trinn er plassert på bakkeplan i tilbygg, medan 3. og 4. trinn vert lokalisert i andre etasje. Tilbygg får eit areal på om lag 1300 rutemeter.    

  

Nøgde med løysinga 

Kvam herad ynskjer å gje honnør til alle involverte partar, for gode planar, eit ryddig og strukturert tilbod, og ei konstruktiv forhandling før kontraktssignering. Me er veldig nøgde med løysinga ein har landa på, og ser fram til både fyrste, og siste spadetak på tomta. Me har store forventningar til sluttresultatet.    

Både tilsette og elevar ved Øystese skule ser fram til å koma på plass i eit nyare- og meir funksjonelt bygg, samt eit forbetra uteområde til beste for borna.  

 

Utdrag av tekst over er henta frå «Saman om tunet» utarbeid av Landskapsarkitekt og Arkitekt for prosjektet.  

 

Uttale frå skulen:  

Øystese skule ser med stor forventning fram til at ny skule og nytt uteområde skal stå ferdige. For både elevar og tilsette vil dette innebera ein vesentleg betre kvardag, der skuleverksemda endeleg kan samlast i funksjonelle og framtidsretta lokale. I dag er drifta spreidd på tre ulike bygg, noko som skapar både praktiske og pedagogiske utfordringar. Bygga er gamle, slitne og lite tilpassa dei behova ein moderne skule har, og det er krevjande å leggja til rette for den fleksibiliteten som dagens undervisning krev. 

Det er òg ei stor utfordring at skulebygga me har no, ikkje gir nok plass. Me manglar grupperom, møterom og andre rom som er nødvendige for å gi god spesialpedagogisk oppfølging, lærarsamarbeid og ro rundt elevsamtalar og planlegging. Desse avgrensingane påverkar både arbeidsmiljøet til dei tilsette og læringsmiljøet til elevane. Ei samla og moderne løysing vil gjera det mogleg å organisera undervisning og samarbeid på ein måte som kjem heile skulemiljøet til gode. 

Samtidig har uteområdet stått utan større oppgraderingar i lang tid, nettopp fordi skulen har vore i påvente av ei avgjerd om nybygg. Området har stort potensial, men treng ei gjennomgripande fornying for å tilby elevane eit trygt, stimulerande og variert uteområde som kan fremja leik, fysisk aktivitet, inkludering og trivsel. Me ser fram til at uteområdet blir utvikla i tråd med dei behova dagens elevar har, og med dei moglegheitene ein moderne skule skal kunna tilby. 

Av desse grunnane er det med glede og forventning at Øystese skule ser fram til ein ny skule. Eit samla, funksjonelt og framtidsretta skulemiljø – både inne og ute – vil styrka kvaliteten på opplæringa og gje elevar og tilsette betre rammer for trivsel, utvikling og læring. 

 

Uttale frå Fuglafjell AS:  

Fuglafjell er svært glade for at me no er tildelt prosjektet Øystese Skule. Dette er prosjekt som passar godt inn i vår portefølje, både kva gjeld geografisk lokasjon, teknisk kompetanse og bygningstype.  

Me ser fram til å gjennomføre prosjektet i godt samarbeid med våre interne og lokale samarbeidspartar, samt Kvam herad som byggherre. Fuglafjell har brukt mykje tid og ressursar i tilbodsfasen for å kunne tilby eit prosjekt som me er trygge på vil kunne bidra til eit godt oppvekst- og opplæringsmiljø i Øystese. Me håpar prosjektet også blir teke godt imot blant både elevar, føresette og tilsette. Det er lagt vekt på å ivareta dei gode føresetnadane i uteområder og lokasjon, samtstundes som ein oppgraderer den bygningsmessige kvaliteten vesentleg. 

Prosjektet skal gjennomførast i tråd med vårt slagord «kortreist kunnskap», og vil også bidra til god lokal sysselsetjing for fleire underentreprenørar 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.