Kulturprisen 2026

Kvam herad deler ut kulturpris som takk for verdfullt kulturarbeid i heradet. Me oppmodar alle til å senda inn grunngjevne framlegg til kandidatar til kulturprisen for 2026. 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kulturprisen til Kvam herad vert tildelt einskildpersonar eller lag/organisasjonar som har utmerka seg ved stor innsats for kulturlivet i Kvam.

Me ser fram til å høyra frå dykk!

Ny frist for innsending er 10.juni 2026

_______________________________

Framlegg sender du til:

På e-post postmottak@kvam.kommune.no

eller via post: Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund

Merk framlegget med «Sak 26/124, Kulturprisen 2026». 

Alle framlegg vert handsama konfidensielt av ordførar, sjef for samfunnsutvikling og leiar for kultur og fritid. Kulturprisen vert utdelt  i samband med ei markering i 2026.
 

Desse har vunne prisen dei siste åra

  • 2013    Dag Rune Mo                       
  • 2014    Bård Gauden                         
  • 2015    Kvam turlag                          
  • 2016    Ålvik Rock                            
  • 2017    Øystese musikklag     
  • 2018    Hardanger skyttarlag 
  • 2019    Brynjulf Måkestad     
  • 2020    Harald Kjosås   
  • 2021    AK Glûck-Teigland   
  • 2022    Fosse-stiftinga  
  • 2023    Geir Botnen
  • 2024    Peter Helland-Hansen
  • 2025    “Guttane” i Folkets Hus i Ålvik

Til oversyn over alle tidlegare vinnarar av prisen.