Kva for utvikling vil me ha i Kvam? Kva for omsyn må me ta? Kva er viktig fram mot 2040? Kva for utfordringar får me i kommunen?

Kommuneplanen sin samfunnsdel skal vere eit styringsverktøy for kommunen, den er eit grunnlag for alle planar me har i kommunen. Det er viktig at me hentar inn kunnskap om kommunen, men og kva du som innbyggjar synest er viktig.
Skriv gjerne eit innspel til kommunen. Frist 1. juni.
Send det på e-post til postmottak@kvam.kommune.no