Planområdet omfattar eigedomane innanfor forslag til plangrense. Planområdet er ca. 500 daa og er sett av til næringsføremål, bustad og LNF i kommuneplan for Kvam. I det vidare planarbeidet vil ein sjå på ulike tunnelalternativ innanfor plangrensa. Plassering av massar skal vurderast innanfor planområdet.
Det er vurdert at tiltaket ikkje vert omfatta av Vedlegg I i Forskrift om konsekvensutgreiingar. Det er etter forskrifta ikkje krav til utarbeiding av planprogram eller konseptvalutredning (KVU). Tiltaket er likevel vurdert å utløyse vesentlege verknader for miljø eller samfunn i samsvar med forskriftas § 10. Det er difor krav om konsekvensutgreiing for følgjande tema:
• Naturmangfald og vassdrag
• Naturressursar
• Støy
I tillegg skal det gjerast grunnundersøkingar, skredfare og overdekning, geoteknisk rapport og hydrologisk rapport (flaumfarerapport).
Planforslaget vert fremja som ein detaljreguleringsplan. Planen vert utarbeidd av ABO Plan & Arkitektur AS, på vegne av Kvam herad. Utforming av planen vil skje i tett dialog med Kvam herad og Vestland fylkeskommune som er vegeigar.
Har du spørsmål?
For nærare informasjon og spørsmål ta kontakt med:
ABO Plan & Arkitektur AS
v/ Aina Tjosås eller Unni Sjursen
e-post: aina@abo-ark.no mobil: 47895254
unni@abo-ark.no mobil: 90029764
Vedlagt kart syner plangrense. Referat frå oppstartsmøte, møte med Vestland Fylkeskommune og Kvam herad, notat forprosjekt veg og tunnel, protokoll frå Kvam heradstyre og plangrense ligg tilgjengeleg her:
https://abo-ark.no/aktuelt/#reguleringsplaner
Frist for uttale/merknad til oppstart av planarbeidet er satt til 14.01.2025. Merknader skal sendast skriftleg til:
ABO Plan & Arkitektur AS
Postboks 291
5203 Os
Eller e-post: offentlig.ettersyn@abo-ark.no