Klage i namnesak Skoro/Skåro – ny runde med høyring

Statens kartverk vedtok 19.12.23 skrivemåten Skoro. Vedtaket er påklaga - meiner skrivemåten skal vera Skåro.

Kartutsnittet syner området for stadnamna

 

Klagesaka gjeld fylgjande namn:

 

Namnesaka:

 

Høyring

Eigarar og festarar har rett til å uttala seg om gardsnamn og bruksnamn. Dei aktuelle eigarane/festarane er tilskrivne. Andre som har rett til å uttala seg om skrivemåten av namna er hovudsakleg lokale organisasjonar som har særleg tilknyting til namna. I denne saka er ein ikkje kjend med nokon organisasjon som bør tilskrivast. Gje oss gjerne ei tilbakemelding om de meiner nokon organisasjon bør sendast informasjon.

 

Innspel:

Etter lov om stadnamn skal skrivemåten fastsetjast med utgangspunkt i den nedervde, lokale uttalen av namnet. Difor vert alle som uttalar seg bedne å opplysa om kva som er den lokale dialektuttalen. Vert namnet uttalt på fleire måtar, er det ynskjeleg at opplysningar om dei ulike uttaleformene framgår.

Innspel om skrivemåte skal leverast Kvam herad innan 30.06.24

 

Saksgang:

  • Kvam herad si oppgåve er å senda klagen på vedtaket i namnesaka på høyring
  • Kvam herad skal motta innspel i høyringa og senda dei vidare til Språkrådet (stadnamntenesta for norske og kvenske stadnamn).
  • Språkrådet gjer si endelege tilråding til Statens kartverk.
  • Statens kartverk gjer vedtak i klagesaka

 

Informasjon:

På Kvam herad si postliste finn du alle dokument i saka registrert på arkivsak 23/3509

På Statens kartverk si nettside Stadnamn | Kartverket.no finn du generell informasjon om stadnamn. Her kan du også få innsyn i den aktuelle namnesak.

Utfyllande informasjon om stadnamnsaker er å finna i Statens kartverk si Handbok for namnebehandling

 

Spørsmål:

Du som har spørsmål el. ynskjer meir informasjon om namnesaka kan ta kontakt med: