Fv. 49 Steinsdalen-Eikedalen, skredsikring Tokagjelet

Vestland fylkeskommune skal utarbeida reguleringsplan for skredsikring av Tokagjelet.

Teiknforklaring - Klikk for stort bileteTeiknforklaring. Steinsdalen-Eikedalen, Tokagjelet Vestland fylkeskommune

 

Bakgrunn

Dagens fylkesveg 49 gjennom Tokagjelet er svært skredutsett. Skredfaren medfører risiko for tap av liv og helse for stengt veg. Dette kan få konsekvensar for samfunnstryggleik og beredskap og framkomme på vegen. Fylkeskommunen skal utarbeide reguleringsplan for gjennomføring av skredsikring av Tokagjelet. Prosjektet strekker seg frå Steinsdalen i Kvam herad til Eikedalen i Samnanger kommune.

Fakta om prosjektet

Planarbeidet handlar om ny tunnel på ca 10 kilometer frå Steinsdalen i Kvam herad til Eikedalen i Samnanger kommune. Det blir planlagt for gang- og sykkelveg mellom Teigabergtunnelen og Fossenbratte i Eikedalen. Arbeidet med tunnelen gir store mengder overskotsmassar. I planarbeidet skal ein ta med område til massedisponering, og område for mellombels bygge- og anleggsområde.

 

Informasjon om oppstart, regulering og vidare saksgang finn du på Vestland fylkeskommune sin nettstad.

Lenke til Vestland fylkeskommune, sak Tokagjelet