Ny reguleringsplan / reguleringsendringPrivatpersonar, tiltakshavarar, organisasjonar og andre myndigheiter kan fremja forslag til reguleringsplan, men den skal utarbeidast av fagkyndige/plankonsulent, jamfør plan- og bygningslova § 12-3 Som hovudregel er det krav om reguleringsplan for større bygge- og anleggstiltak. Det er ein fordel om du orienterer deg i kommuneplanen sin arealdel med føresegner og retningslinjer, før du set i gang reguleringsplanarbeid. Har du idear og ynskjer om utbygging, eller lurer på korleis du kan forhalda deg til kommuneplanenen og vedtekne reguleringsplanar? Ta kontakt med planavdelinga for rådføring. Sjå også regjeringa sin informasjon om planlegging Direktoratet for byggkvalitet (DIBK) har utarbeidd ein forslagsbase for føresegner til reguleringsplan. Kommunen tilrår private og offentlege aktørar å nytte denne som ei rettleiing. Oppstartsmøte og planinitiativ Eit formelt oppstartsmøte skal haldast før kunngjering og formell varsling om oppstart regulering. Tidleg kontakt mellom deg som forslagsstillar og kommunen legg grunnlaget for ein god prosess. Oppstartsmøtet skal gje ei avklaring på aktuelle tema og spørsmål, men kan ikkje avgjera viktige punkt som vil verta drøfta og avklara vidare i planprosessen fram til politisk vedtak. Ved tinging av oppstartsmøte skal fylgjande framgå: Tidsperiode for kor tid du ynskjer møtet Kven som møter for plankonsulenten Kven som møter for forslagsstillar Ref. til evt tidlegare kontakt med kommunen; arkivsaksnr og/el. namn kontaktperson Kart med forslag til planavgrensing og tilkomst fram til offentleg veg - på pdf- og sosi-format Planinitiativ i samsvar med Forskrift Eventuelt: Spørsmål som forslagsstillar/planleggjar ynskjer avklart Eventuelle hovudutfordringar for prosjektet Forslag til tema i risiko- og sårbarheitsanalyse Kva for infrastrukturtiltak (teknisk og grøn infrastruktur) er tenkt regulert og oparbeidd? Er det andre grunneigarar eller rettigheithavarar enn forslagsstillar innafor føreslått planavgrensing? Forslag til plannamn Innhald planforslag Detaljregulering skal følgja opp hovudtrekk og rammer i arealdelen av kommuneplanen, evt. ei vedteken områderegulering. Detaljregulering kan skje som endring el. utfylling av ein vedteken reguleringsplan. Forslagstillar skal leggja til rette for medverknad for alle råka interesser og myndigheiter. Konsekvensar for miljø og samfunn skal gjerast greie for i planomtalen. Ein risiko- og sårbarheitsanalyse skal utarbeidast for alle reguleringsplanar som gjeld utbygging. For nokre reguleringsplanar vil det vera krav om ein særskilt konsekvensanalyse. For dei tilfella skal det utarbeidast eit eige planprogram som skal på høyring og vedtakast av kommunen før planforslaget vert utarbeidd. Prinsippet om universell utforming, estetisk uforming av omgjevnadane og omsynet til born og unge skal ivaretakast i planlegginga Spesifikke krav til planlegginga vil framgå av notat frå oppstartsmøte. Tiltakshavar er vidare ansvarleg for å senda inn nødvendig dokumentasjon etter krav til innhald og utforming jf. Forskrift Planen kan ikkje fremjast politisk før krava er oppfyllt. Planprosess Plan- og bygningslova set klare krav til planprosessen, og er oppsummert i kulepunkta under: Oppstartsmøte mellom tiltakshavar og kommunen er obligatorisk i starten av ein planprosess, jf. pbl. § 12-8. Oppstartsmøte skal gjennomførast innan rimeleg tid etter at kommunen har motteke forespurnad om dette frå forslagsstillar. Normalt vert det gjennomført innan 2 veker. Viss planinitiativet er i strid med overordna planar, må tiltakshavar gjera ei konsekvensutgreiing av avvika, jf. pbl. § 4-2 andre ledd. Planoppstart for reguleringsplan og eventuelt planprogram, skal varslast til grunneigarar, naboar og andre råka partar og offentlege organ. Planoppstart må også kunngjerast i lokalavisa og på kommunen si heimeside. Planprogram er aktuelt i planar som får vesentlege verknader på miljø og samfunn, jf. pbl. § 12-9 fyrste ledd. Planforslag skal sendast inn til kommunen, men det er ofte svært nyttig med eit møte mellom kommunen, tiltakshavar og plankonsulent før innsending. Innan 12 veker etter mottak planforslag skal kommunen avgjera om planforslaget, med eventuelle alternativ, skal fremjast og leggjast ut på høyring/offentleg ettersyn. Om kommunen ikkje vil fremja forslaget, skal kommunen grunngje dette i brev til forslagsstillaren. Ein privat forslagsstillar kan ikkje klaga på eit slikt vedtak, men han kan krevja at kommunestyret vurderer spørsmålet, jf. pbl § 12-8 andre ledd. Når eit planforslag er vedteke fremja, skal høyring/offentleg ettersyn kunngjerast i lokalavisa og på kommunen si heimeside. Grunneigarar, naboar og andre råka partar og offentlege organ skal varslast direkte. Uttalefrist i ordinær planprosess er minimum 6 veker, jf. pbl § 12-9 andre ledd. I saker som vert handsama som mindre reguleringsendring etter forenkla reglar jf. pbl. § 12-14 andre ledd, er uttalefrist normalt 3 veker. Etter høyring/offentleg ettersyn vert innkomne merknadar teke stilling til og eventuelt innarbeida i planen. Kvam heradsstyre gjer vedtak om godkjenning reguleringsplan. Vedtaksmynde for mindre reguleringsendring er delegert til Kvam miljø-, plan- og bygningsutval. Reguleringsendring Hovedregelen er at endring og oppheving av reguleringsplan må igjennom nøyaktig samme prosess som for utarbeiding av ny plan. Mindre endring av ein reguleringsplan kan i mange høve handsamast etter forenkla reglar, jf pbl § 12-14 andre ledd. Dette forutset at endringane i liten grad vil påverka gjennomføringa av planen for øvrig, ikkje går utover hovudtrekka i planen, og ikkje rører ved omsynet til viktige natur- og friluftsområder. Ei mindre endring kan til dømes vera mindre justering av reguleringsføremål, byggjegrenser og vegtrasè. Om endringa er i strid med nasjonale eller viktige regionale interesser som gjev grunnlag for motsegn, vil det ikkje vera aktuelt å gjennomføra endringa som ei mindre endring. Om endringa får vesentlege og negative konsekvenser for andre saker, er det heller ikkje aktuelt å handsama den utan ordinær prosess då dette må vurderast i ein større samanheng. For meir informasjon, sjå pkt 9.2.1 i regjeringa sin reguleringsplanveildar. Kva saker som kan handsamast som mindre endring vil vera ei skjønnsmessig vurdering og må vurderast av kommunen utifrå dei konkrete tilhøva i den einskilde sak. I dei fleste tilfella vert prosessen fastlagt i oppstartsmøte. Plangebyr Rådføring med planavdelinga er kostnadsfritt.Handsaming av private reguleringsplanar er gebyrbelagt.Prisar for plansaker vert vedteke av kommunestyret kvart år Gjeldande plangebyr